Kvifor vart det sagt at lobotomi «passa spesielt godt på kvinner»? Korleis gjekk det med Ellinor Hamsun, ei av mange kvinner som blei utsett for «mirakelkuren»? Og var forfattar Oddrun Midtbø si grandtante blant dei lobotomerte kvinnene? Forfattaren møter leiar ved Nordisk Kunstnarsenter Kira van Hoegee til samtale.
Forfattar Oddrun Midtbø møter kunstnar og redaktør Kira van Hoegee til samtale om boka Lobotomert. Foto: Oskar Andersen / Dawid Bania/Lumir
I Lobotomert: Ein skamplett i psykiatrihistoria tek Midtbø vekk sløret frå eit av dei mørkaste kapitla i behandlinga av personar som var psykisk sjuke, eller som ikkje passa inn i dei tronge rammene i samfunnet på den tida.
Kampen for innsyn i pasientjournalen til grandtanta, som var innlagd som «sinnsjuk» i over 60 år, er den raude tråden i boka.
Oddrun Midtbø (f. 1964) er frilansjournalist, fotograf, illustratør og sakprosaforfatter frå Sogndal. Dei siste åra har ho markert seg sterkt innan sakprosa og som indieforfattar på sitt eige OMI forlag. Med boka «Harastølen. Heimen for dei utstøytte» (2023) vann Midtbø den aller første Indiebokprisen for sakprosa for vaksne. «Lobotomert. Ein skamplett i psykiatrihistoria» er kjøpt inn av Kulturrådet og nominert til Indiebokprisen sakprosa 2025.
Kira van Hoegee (f. 1975) er kunstnar, kurator og redaktør. Etter å ha leia KRAFT Bergen sidan 2018, tok ho i 2025 over som direktør for Nordisk Kunstnarsenter Dale (NKD). På KRAFT Bergen starta ho forlaget KRAFT Press og var redaktør for serien Parallell med totalt tjue utgivingar. I 2017 gav ho ut fotokunstboka Planetarisk tåke på Forlaget H//O//F.
På Fest i Fjaler møtast Midtbø og van Hoegee til samtale om kvinnene som vart lobotomert.
Billettar i Ticketco.
Utandørs teiknekurs med kunstnar og illustratør Charlotte Rintler ved historiske Nikka Vonens pikeskole på Steia Gard. Gjennom teikning med blyant og blekk utforskar kurset dei gamle trehusa, detaljane og stemningane på staden, med fokus på observasjon, komposisjon og kreative teknikkar. Kurset passar for både barn og vaksne.
Bli betre kjend med diktar og forteljar Jakob Sande og skulestyrar og folkeminnesamlar Nikka Vonen.
Bli med på ei reise tilbake i tid når sommarvertane inviterer til filmframsyning i skulehuset. "Film frå Fjaler" inneheld unike smalfilmar frå 1930- og 1950-talet, med glimt frå kvardagsliv, festdagar og samfunnsliv i bygda. Opptaka, gjort av distriktslækjarane Harald J. Blaauw og Asbjørn Østby, er i dag ein verdifull del av kulturarven i Fjaler.