Litteratursalong med Katrine Sele i samtale med Teresa Grøtan

Møt Katrine Sele i samtale med Teresa Grøtan om hennar nyaste bok, Menn som nesten elska meg. I denne ærlege og sårbare memoarforteljinga skildrar Sele sju år med dating, forelskingar, kjærleikssorger og forsøka på å komme nær eit anna menneske utan å miste seg sjølv.

9.
august
14:00 – 15:00

Katrine Sele (f. 1972) er ein prisvinnande forfattar med sju bøker bak seg. Ho er oppvaksen i Skottland, Zimbabwe, Bærum og Singapore. Til dagleg jobbar ho ved Høgskulen på Vestlandet og bur i Jølster i Sunnfjord. Sele er tildelt Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar, Samlagsprisen og Språkrådets språkpris for framifrå bruk av nynorsk i sakprosa. 

Menn som nesten elska meg er ei personleg forteljing om kjærleikens utfordringar, og ei handsrekking til alle som leiter etter nærleik og meining i livet.

Då forfattar Katrine Sele skilde seg midt i førtiåra, blei ho kasta ut i kaos – einsemd, økonomiske bekymringar og frykta for å ikkje strekke til som mor. Men snart tok lengten etter kjærleik over. Ho begynte å leite etter ein kjærast, noko som viste seg å vere både komplisert og uføreseieleg. I denne ærlege og sårbare memoaren skildrar ho sju år med dating, forelskingar og kjærleikssorger og forsøka på å kome nær eit anna menneske utan å miste seg sjølv. Ho reflekterer over kva kjærleik og sex eigentleg betyr, og korleis ein kan kome seg gjennom hjartesorg – med hjelp frå både eigne erfaringar og litteratur.
 

Du møter Sele i samtale med Teresa Grøtan under Fest i Fjaler. 

Teresa Grøtan (f. 1974) er festivalsjef for Bergen internasjonale litteraturfestival. Ho har bakgrunn som journalist og forfattar, og har ein Master of Arts frå University of KwaZulu-Natal i Sør-Afrika. Grøtan har gitt ut fleire bøker, sist Før øya synker (2018). Ho leia sakprosafestivalen og samtaleserien Verden i Bergen, var redaktør for Syn og Segn og grunnla magasinet Global Knowledge. I 2013 fekk ho Blixprisen for bøkene sine for barn og unge. 

 

Programposten er i samarbeid med Samlagsrota. 

Kalender

Kva skjer hos oss?

18.
juli
20:00

Arbeidsvisning med Marius Kolbenstvedt

Fredag 18. juli viser Marius Kolbenstvedt utdrag frå Mistekunst – ein scenisk monolog basert på møte med palestinsk poesi og personlege tapserfaringar. I Mistekunst vever han saman eigne livskriser med stemmer frå palestinske dikt – ei poetisk og politisk forteljing om avhumanisering, håp og kunsten å sleppe taket.

30.
juli
18:00 – 19:00

Ammer frå Sunnfjord // Kristine Ness fortel

På 1700- og 1800-talet reiste fleire kvinner frå Sunnfjord til Bergen for å tene som ammer for velståande familiar. Kva fekk gifte koner til å forlate eigne barn, og korleis reagerte samfunnet? Dette har Kristine Ness ved Sunnfjord Museum forska på, med utgangspunkt i livet til husmannskona Marte Movik. Onsdag 30. juli kl. 18 held ho føredrag om temaet i Løa i Sandesenteret, der det òg vert høve til samtale etterpå.

8.
august
15:00 – 20:00

Fest i Fjaler

Ei feiring av forteljekunsten! Gjennom mange år har Jakob Sande - selskapet arrangert "Fest i Fjaler". I 2025 markerer vi også at det er fem år sidan Jakob Sande - senter for forteljekunst opna. Sidan opninga i 2020 har Sandesenteret bygd opp ei vesentleg verksemd og fått stor merksemd og blitt eit vitalt senter for forteljekunst. 8. - 10. august markerer vi jubileet med eit variert program innan forteljekunst.