Færøysk poesi i omsetjing

Jógvan Helge Gardar er i residens i Sandesenteret. På laurdag møter du Gardar i skulehuset der han les dikt han har omsett frå færøysk til nynorsk og serverer bingokaker!

17. januar, 12:00

Jógvan Helge Gardar er frå Oslo, er utdanna jurist og språkvitar, og har gått årskurset på Skrivekunstakademiet i Bergen. Gardar jobbar som redaktør i Norsk Tidend, medlemsavisa til Noregs Mållag. 

Medan Gardar er i residens jobbar han med eit eige romanmanus og lagar ei nynorsk omsetjing av BÓK, den nyaste diktsamlinga til den færøyske poeten Lív Maria Róadóttir Jæger. I tillegg jobbar han med eit essay om den nynorske omsetjingshistoria. Det skal stå i neste utgåve av tidsskriftet Mellom, som skal ha omsetjingsaktivisme som tema og kjem i juni.

På hendinga laurdag vil Gardar mellom anna lese dikt frå dei to færøyske poetane Lív Maria Róadóttir Jæger og Vónbjørt Vang:

Lív Maria Róadóttir Jæger er ein færøysk poet fødd i 1981. Ho skriv eksperimentell og konseptuell poesi, og var nominert til Nordisk råds litteraturpris for den førre diktsamlinga si, Eg skrivi á vátt pappír, i 2021. Bøkene hennar er omsette til både dansk, fransk og engelsk, men førebels ikkje norsk. Den nyaste utgjevinga hennar er BÓK, som kom i november 2025.

Vónbjørt Vang er ein færøysk poet fødd i 1974. For si tredje diktsamling, Svørt orkidé, vann ho i haust Nordisk råds litteraturpris for 2025. Samlinga er sett saman av røyndomsnære dikt, kollasjar og dagboknotat, og følgjer kvardagen til ei mor med ein son som slit med å få fotfeste i livet.

Gardar les og fortel, og serverer bingokaker!

Velkomen til laurdagssalong i skulehuset. 

Gratis inngong!

Kalender

Kva skjer hos oss?

17. oktober 11:00 – 14:00

Laurdagsope i skulehuset

Open bokhandel, krambu og kafè i det gamle skulehuset laurdagar 11-14.

21. oktober 18:30

Færøykveld i Løa

Gjennom ord, bilete, song, færøydans og smakar får vi kome tett på kulturen og samfunnslivet på Færøyane. Karin Flatøy Svarstad deler historier frå øyane i vest, og saman med dottera og familien til musikaren Hanus G. Johansen blir det ein kveld med færøyske tradisjonar og ein musikalsk hyllest til ein artist som hadde sterke band til Fjaler og Jakob Sande.

24. oktober 11:00 – 14:00

Laurdagsope i skulehuset

Gamle skulehuset som møteplass, krambu og bokhandel held ope kvar laurdag. Her er eit rikt utval frå varer frå eigen produksjon og aktuell litteratur, samt enkel kafè.