Kurs i skapande skriving med Reidun Elise Foldøy

Reidun Elise Foldøy held kurs i skapande skriving i Sandesenteret. Kurset fokuserer på skriveglede og utforsking av eiga skriving, og passar for alle, både dei som skriv for eiga skuld og dei som skal inspirere andre til å skrive.

26. februar, 18:00 – 19:30

Foto: Helge Skodvin

Reidun Elise Foldøy held kurs i skapande skriving ved Jakob Sande-senter for forteljekunst under sitt residensopphald. Kurset legg vekt på skriveglede og utforsking av eiga skriving, og byggjer på enkle i-gong-setjande øvingar som passar for alle, både dei som har skrive mykje frå før, og dei som berre vil teste det ut, dei som skal få andre til å skrive eller dei som vil skrive for eiga skuld. 

Kurset varer om lag 1,5 time.

Reidun Elise Foldøy er fødd i 1971. Ho vann Vinduets novellekonkurranse i 2007 og har gjeve ut novellesamlinga Ein stad å møtast (Aschehoug, 2008) og romanen Vridd (Ylajali, 2021). Ho er lærar ved Osterøy vidaregåande skule og har lenge undervist i kreativ skriving ved Åsane folkehøgskule. Foldøy har òg erfaring frå Den kulturelle skulesekken, med skrivekurs for ungdom.

Det er avgrensa plassar på kurset.

Du melder deg på ved å kjøpe billett via lenkja under. 

Kalender

Kva skjer hos oss?

17. oktober 11:00 – 14:00

Laurdagsope i skulehuset

Open bokhandel, krambu og kafè i det gamle skulehuset laurdagar 11-14.

21. oktober 18:30

Færøykveld i Løa

Gjennom ord, bilete, song, færøydans og smakar får vi kome tett på kulturen og samfunnslivet på Færøyane. Karin Flatøy Svarstad deler historier frå øyane i vest, og saman med dottera og familien til musikaren Hanus G. Johansen blir det ein kveld med færøyske tradisjonar og ein musikalsk hyllest til ein artist som hadde sterke band til Fjaler og Jakob Sande.

24. oktober 11:00 – 14:00

Laurdagsope i skulehuset

Gamle skulehuset som møteplass, krambu og bokhandel held ope kvar laurdag. Her er eit rikt utval frå varer frå eigen produksjon og aktuell litteratur, samt enkel kafè.