Juleope i skulehuset

1. desember er fødselsdagen til Jakob Sande, og i samband med markeringa held vi også ope i skulehuset. Her blir det høve til litt julehandel og til å sjå nærare på nokre av nyheitene våre.

1. desember, 16:30 – 18:30

© 2026 Eva Meier/Sandesenteret

1. desember er fødselsdagen til Jakob Sande, og i samband med markeringa held vi også dørene opne i skulehuset.

Her blir det høve til julehandel, og vi løftar særleg fram to nyheiter:

- Vinterkoppen, den sjette og siste koppen i samlinga frå Sandesenteret. Motivet er inspirert av diktet "Det lyser i stille grender" og kultur- og naturlandskapet i Fjaler. Motivet er teikna av Eva Meier.

- Sande-votten, ein heilt ny vott med mønster også inspirert av "Det lyser i stille grender". Vi sel strikkepakkar med både garn og oppskrift. Eit samarbeid mellom Turgledepåpinner og Sandesenteret. 

I skulehuset finn du også andre produkt frå eigen produksjon og lokal litteratur. Kanskje finn du ei julegåve eller to?

Velkomen innom for ein hyggeleg julehandel!

Kalender

Kva skjer hos oss?

28. november 11:00 – 14:00

Laurdagsope i skulehuset med lansering av ny kopp

Første laurdag i advent lanserer Sandesenteret den sjette koppen i samlinga, vinterkoppen, med motiv inspirert av diktet "Det lyser i stille grender".

1. desember 16:30 – 23:00

Jakob Sande 120 år

1. desember markerer vi at det er 120 år sidan diktaren Jakob Sande vart fødd.

1. desember 17:00

Forteljestund med Rolf Magne: Kokosbananas og juletyven

Ta med borna på forteljestund med Fjalers eigne forteljekunstnar Rolf Magne G. Andersen!