Jaja, Marius Moldvær & Gunnstein Akselberg i Nynorsk bokhandel: Kropp og forteljing

Saman med Nynorsk bokhandel i Oslo inviterer vi til kaffi, tidsskrift og forteljestund.

10. november, 09:00 – 10:00

Foto: Jannik Abel/Framside: Fredrik Rysjedal/Maria Astrup

Jaja er kulturtidsskriftet om forteljekunst, og siste papirutgåve handlar om kropp og forteljing. Vi sym i syntetisk innhald, men det å fortelje og skrive handlar om å overføre erfaring frå kropp til kropp, og sjel til sjel, vel?

Språkprofessor emeritus Gunnstein Akselberg innleier: ‘Det forteljande dyret’
Kunstnar og forteljande dyr Marius Moldvær fortel: ‘Utan forteljingane er eg usynleg’

Bokhandlar Kjartan Helleve og redaktør Tora Hope byr på kaffi og tidsskrift.

Kalender

Kva skjer hos oss?

7. november 11:00 – 14:00

Laurdagsope i skulehuset

Laurdagsopen bokhandel, krambu og kafè i det gamle skulehuset.

7. november 12:00

Manuslesing av Liminal

Paula Ramos er i residens i Sandesenteret. Laurdag les Paula, i samarbeid med fleire, høgt frå eit manus til eit teaterstykke ho har arbeidd med under opphaldet.

9. november 19:00

Kvinna – ein Jakob Sande-diktkonsert

«Kvinna» markerer opninga på Jakob Sande-minifestival som finn stad i Nynorskens hus, Nynorsk bokhandel og Bikuben på Det Norske Teatret 9.-10. november 2026. Arrangørar er Jakob Sande - senter for forteljekunst, Venner av Det Norske Teatret, Den Mangfaldig Scenen, BUL, Vikværingen og Samlagsrota.