Jaja LIVE med Kjartan Hatløy på Boknatta 2026

På Boknatta i Fjærland kjem Tidsskriftet Jaja med smakebitar frå komande papirutgåve.

20. juni, 16:00 – 16:30

På Fest i Fjaler lanserer vi ny papirutgåve av Jakob Sande - senter for forteljekunst sitt Tidsskriftet Jaja. På Boknatta får du smakebitar frå komande utgåve, med poet Kjartan Hatløy. Foto: Oddleiv Apneseth

Jaja er eit tidsskrift om og med forteljekunst frå Jakob Sande - senter for forteljekunst, som skal få fram meir allsidige forteljingar frå bygd og by. 

Tema for neste nummer er kropp og forteljing, og på Boknatta får publikum prøvesmaka når poet Kjartan Hatløy les nyskrivne dikt frå utgåva. Hatløy vil òg lese frå si seinaste diktsamling Mot kaos (Forlaget Oktober).

Utgåva blir lansert på Fest i Fjaler 14.-16. august. 

Teikn abonnement her og få nummeret i posten.

Konferansier: Redaktør for Tidsskriftet Jaja, Tora Hope

Stad: Litteraturbåten Epos i Fjærland
Inngang: Festivalpass til Boknatta 2026

Billettar.

Program for Boknatta.

Kalender

Kva skjer hos oss?

16. september 16:00 – 17:00

Redaksjonsmøtet

Ungdomsredaksjonen møtast for å jobbe med det vi vil lage etter Teaterfestivalen i Fjaler.

19. september 11:00 – 14:00

Laurdagsope i skulehuset

Open bokhandel, krambu og kafè i det gamle skulehuset laurdagar 11-14.

25. september 10:00 – 16:00

Utdeling av Samlagsprisen og seminar

Samlagsprisen til Gunnhild Øyehaug! Øyehaug får prisen for heile forfattarskapen sin og blir heidra med eit dagseminar i Dale i Fjaler 25. september.