Hannah Arendt sine tankar om fridom, ansvar og demokrati er meir aktuelle enn nokon gong. Arild Linneberg og Janne Sund samtalar om livet, verka og arven etter ei av det 20. hundreårets viktigaste politiske tenkarar.
Hannah Arendt, Arild Linneberg og Janne Sund
Hannah Arendt (1906–1975) måtte flykte frå Nazi-Tyskland under dramatiske omstende. I årevis levde ho som statslaus flyktning. Eit av hennar hovudverk var Totalitarismens opprinnelse (1951), om totalitære statar, imperialisme, antisemittisme og rasisme. Eichmann i Jerusalem handlar om jødeutryddelsen og «ondskapens banalitet». Som jøde var ho dessutan kritisk til staten Israel og sionismen. I 1959 vart ho den første kvinnelege professor ved Princeton University i USA og reknast som ein av dei viktigaste politiske filosofane i nyare tid.
Samtalen vil handle om hovudtema hos Arendt som er svært aktuelle: Personleg fridom, politisk ansvar, demokrati og humanisme, samt forholdet til ein anna kvinneleg pioner, Rosa Luxemburg.
Arild Linneberg, professor emeritus i litteratur, og Janne Sund, filosof, er forfattarar og
omsetjarar, og har omsett to av Arendt sine hovudverk til norsk. Dei er busett på Atløy.
Gunnstein Akselberg introduserer samtalen.
Billett via Ticketco og i døra.
Ungdomsredaksjonen møtast for å jobbe med det vi vil lage etter Teaterfestivalen i Fjaler.
Open bokhandel, krambu og kafè i det gamle skulehuset laurdagar 11-14.
Samlagsprisen til Gunnhild Øyehaug! Øyehaug får prisen for heile forfattarskapen sin og blir heidra med eit dagseminar i Dale i Fjaler 25. september.