Hagekafè på Steia Gard

Nikka Vonen venelag og sommarvertane i Sandesenteret inviterer til hagekafè på Steia Gard, staden der folkeminnesamlar og skuletyrar Nikka Vonen dreiv sin pikeskole frå 1871-1907.

2. august, 13:00 – 16:00

Nokre sundagar i sommar inviterer det nystifta Nikka Vonen venelag og Jakob Sande-senter for forteljekunst til hagekafè på Steia Gard, staden der Nikka Vonen dreiv sin vidgjetne pikeskole og mønsterbruk. Nyt ein kopp kaffi og kaker medan du lærer meir om Nikka og skulen hennar i historiske omgjevnadar med stort utviklingspotensiale. 

Du kan møte direkte på Steia Gard eller slå følge med våre sommarvertar bort og få høyre meir om Nikka Vonen på vegen dit. Oppmøte ved Gamle skulehuset kl. 12.30. 

 

Kalender

Kva skjer hos oss?

17. oktober 11:00 – 14:00

Laurdagsope i skulehuset

Open bokhandel, krambu og kafè i det gamle skulehuset laurdagar 11-14.

21. oktober 18:30

Færøykveld i Løa

Gjennom ord, bilete, song, færøydans og smakar får vi kome tett på kulturen og samfunnslivet på Færøyane. Karin Flatøy Svarstad deler historier frå øyane i vest, og saman med dottera og familien til musikaren Hanus G. Johansen blir det ein kveld med færøyske tradisjonar og ein musikalsk hyllest til ein artist som hadde sterke band til Fjaler og Jakob Sande.

24. oktober 11:00 – 14:00

Laurdagsope i skulehuset

Gamle skulehuset som møteplass, krambu og bokhandel held ope kvar laurdag. Her er eit rikt utval frå varer frå eigen produksjon og aktuell litteratur, samt enkel kafè.