Frukostsamtalen Heimkome med Nytta

Fest i Fjaler startar med ein frukostsamtale i det nyoppussa Lokalet i Studio Nova.

14. august, 08:00 – 09:00


«No ville dei ut i verda, og freiste si lukke der.»

Slik startar diktet «Fabel». Katten, gåsa og hanen reiste ut frå bondebygda, fekk anerkjenning ved kongens hoff, og skulle ein gong komme att som heltar.

Mange har gjort den same reisa. På Fest i Fjaler inviterer Nytta til ein samtale om å reise ut og komme heim. Gjestene  er tre kvinner i tre ulike posisjonar:

Arlen Solheim kom heim til Dale, staden ho er frå.

Marie Stølen reiste ut frå Eid, ville heim, men fann heim ein annan stad.

Anna Stina Bjørlo Stafsnes står midt i valet, med ny jobb i Førde og eit liv som framleis er dels i Oslo.

Vi vil borre i det som ikkje alltid blir sagt høgt. Kva får ein til å reise? Kva ventar når ein kjem attende? Blir kompetansen ein har med seg heim møtt med eit stolt rop, ein hyllest, eller ligg det ei anna, meir samansett mottaking under?

Vel møtt til ein ærleg samtale om reisa ut, tida ute, og det å komme heim.

Samtalen vert leia av Andreas Fonn Macsik, dagleg leiar i Nytta. Andreas er lektor, trebarnsfar, glad i lemonade og stilig når han spelar bassgitar. Han kjem frå Stord, og bur i Førde. -Ikkje rart han blir glad jo lengre ut mot Korssundet han kjem…

Frukostsamtalen er startskotet på årets Fest i Fjaler. I sommar har Sandesenteret pussa opp det gamle lokalet i Studio Nova (1.etg.) som blir arena for frukostsamtalen. 

Det blir enkel frukostservering og kaffi.

Gratis inngong. 

Kalender

Kva skjer hos oss?

17. oktober 11:00 – 14:00

Laurdagsope i skulehuset

Open bokhandel, krambu og kafè i det gamle skulehuset laurdagar 11-14.

21. oktober 18:30

Færøykveld i Løa

Gjennom ord, bilete, song, færøydans og smakar får vi kome tett på kulturen og samfunnslivet på Færøyane. Karin Flatøy Svarstad deler historier frå øyane i vest, og saman med dottera og familien til musikaren Hanus G. Johansen blir det ein kveld med færøyske tradisjonar og ein musikalsk hyllest til ein artist som hadde sterke band til Fjaler og Jakob Sande.

24. oktober 11:00 – 14:00

Laurdagsope i skulehuset

Gamle skulehuset som møteplass, krambu og bokhandel held ope kvar laurdag. Her er eit rikt utval frå varer frå eigen produksjon og aktuell litteratur, samt enkel kafè.