Denne veka arrangerer vi akademi i munnleg og skriftleg forteljekunst i Jakob Sande-senteret. Det er i hovudsak programpostar for vaksne og unge vaksne. MEN sidan vi no har besøk av Fotballforfattaren frå Bryne Ørjan Zazzera Johansen, klarar vi ikkje la vere å invitere alle unge fotballentusiastar i bygda til eit spontant program med Ørjan, der han fortel og les.
Ørjan Zazzera Johansen er forfattar og lesevitar. Han slutta å spele fotball for tjue år sidan, men drøymer framleis om å bli proff. Ørjan har skrive fleire fotballbøker, mellom anna Historia om Erling Braut Haaland (2022), som både er nominert til ARKs barnebokpris og Bokslukerprisen. Ørjan arbeider som formidlar og lesevitar ved Garborgsenteret.
– Det som imponerer meg aller mest, er kor kjapp Erling Braut Haaland er i hovudet. Han reagerer så fort, veit kvar alle på bana er, les medspelarane sine og klarer å styre eit knallhardt innlegg rett i mål. Det handlar sjølvsagt om mykje trening, men der er også noko meir, og det er nok mest mentalt, seier Johansen.
Velkomen i Jakob Sande - tunet til eit møte med Ørjan Zazzera Johansen onsdag 18.6 kl.18.
Det kostar ein femtilapp for små å bli med, åtti for store. Betalast i døra i Løa (oppe).
Det er høve til å kjøpe signert utgåve av Haaland-bøkene hans i etterkant av programmet.
Tradisjonen tru kjem Førdefestivalen med konsert til Løa i Jakob Sande - tunet under festivalen. I år får vi besøk av den argentinske gitaristen Chango Spasiuk.
I dette sommarprogrammet møter vi Arill Riise, som vil fortelje om oppvekst og hendingar i klyngetunet Riise ved Hjørundfjorden.
Fredag 18. juli viser Marius Kolbenstvedt utdrag frå Mistekunst – ein scenisk monolog basert på møte med palestinsk poesi og personlege tapserfaringar. I Mistekunst vever han saman eigne livskriser med stemmer frå palestinske dikt – ei poetisk og politisk forteljing om avhumanisering, håp og kunsten å sleppe taket.