Fikselaug og juleverkstad

Bli med på ein hyggeleg handarbeidskveld i Gamle Skulehuset. Ta med prosjektet ditt og bli med!

26. november, 20:00 – 22:00

Gamle Skulehuset vert ope for ein hyggeleg kveld med te i koppen, julemusikk og det kvar og ein har lyst til å jobbe med av handarbeid. Ta gjerne med prosjektet ditt, anten det er strikketøy, noko du spikkar på eller syr. Dersom nokon har lyst til å fikse på kle stiller vi med med ull-lappar, inspirasjonsbøker og litt tips og triks. Ta gjerne med det du treng av nål og tråd sjølv.

Sjåast til ein kjekk kveld i november-mørket!

Kalender

Kva skjer hos oss?

16. september 16:00 – 17:00

Redaksjonsmøtet

Ungdomsredaksjonen møtast for å jobbe med det vi vil lage etter Teaterfestivalen i Fjaler.

19. september 11:00 – 14:00

Laurdagsope i skulehuset

Open bokhandel, krambu og kafè i det gamle skulehuset laurdagar 11-14.

25. september 10:00 – 16:00

Utdeling av Samlagsprisen og seminar

Samlagsprisen til Gunnhild Øyehaug! Øyehaug får prisen for heile forfattarskapen sin og blir heidra med eit dagseminar i Dale i Fjaler 25. september.