Turinspirasjon for heile familien med turbokforfattar Inger Karin Natlandsmyr

Bli med på ein kveld med forteljingar om natur- og friluftsglede for heile familien!

27. mai, 18:00

Turbokforfattar Inger Karin Natlandsmyr er i residens i Sandesenteret og inviterer til ein kveld om tur-, natur-og friluftsglede for heile familien. Ho vil snakke om fotturar, skiturar og opplevingar som både store og små kan glede seg over og vise bilete frå ulike turar og opplevingar. 

Inger Karin har gått heile Norge på langs både til fots og på ski, og har besøkt dei fleste nasjonalparkane vi har i landet vårt. Ho har og utforska turklassikarar i alle dei nordiske landea. Denne ettermiddagen kan du få gode tips til ein aktiv sommerferie og spennande helgeturar både i Noreg og Norden.  

Inger Karin har fire born og har vore leiar av Barnas turlag i Stavanger, og har lang erfaring med å ta med born og ungdom på tur. Det blir  anledning til å stille spørsmål og få råd om turar. 

Turbokforfattaren har gitt ut bøkene «Norgesturen» (2020) og «Nordisk turbok» (2022) og «Norges beste skiturer» (Gyldendal, 2024). Etter foredraget kan ein kjøpe ei turbok og få den signert.

Kom og bli med på ein inspirerende kveld i Løa! Ta gjerne med ungane!

Inger Karin er i residens i Jakob Sande-senteret og arrangementet er hennar måte å takke for seg på. Arrangementet er gratis og eit samarbeid mellom Jakob Sande – senter for forteljekunst og Barnas turlag i Indre Sunnfjord Turlag.

Kalender

Kva skjer hos oss?

16. september 16:00 – 17:00

Redaksjonsmøtet

Ungdomsredaksjonen møtast for å jobbe med det vi vil lage etter Teaterfestivalen i Fjaler.

19. september 11:00 – 14:00

Laurdagsope i skulehuset

Open bokhandel, krambu og kafè i det gamle skulehuset laurdagar 11-14.

25. september 10:00 – 16:00

Utdeling av Samlagsprisen og seminar

Samlagsprisen til Gunnhild Øyehaug! Øyehaug får prisen for heile forfattarskapen sin og blir heidra med eit dagseminar i Dale i Fjaler 25. september.