På siste dagen av Fest i Fjaler fortel Bjørn Enes soga om Thora – ei kvinne som kom til Dale i 1974 og raskt sette sitt preg på bygda.
Thora Hovland og Bjørn Enes på lygarbenken i Klokkargarden. Foto: Rakel C. W. Solheim
Forteljinga om Thora Hovland kjem til å avsløre kvifor det tok til å spøke på loftet på Dingemoen. Der er trådar i livsveven hennar, frå Hallingskeid og Hop til Venezia og Paris. I 1974 kom ho til Dale som del av den andre store kvinnelege innflyttarbylgja. Fyrst tenkte ho: "Her – på ein så stilleståande stad – går det ikkje an å bu." Men så tok ho eit initiativ, og etter det har ingenting stått stille. Ho fortalde til minnesamlar Bjørn Enes i juni. No skal han fortelje attende til henne – og til alle som kjem til Løa – korleis han høyrde soga hennar.
Programpost i samarbeid med Memoar.
Open bokhandel, krambu og kafè i det gamle skulehuset laurdagar 11-14.
Gjennom ord, bilete, song, færøydans og smakar får vi kome tett på kulturen og samfunnslivet på Færøyane. Karin Flatøy Svarstad deler historier frå øyane i vest, og saman med dottera og familien til musikaren Hanus G. Johansen blir det ein kveld med færøyske tradisjonar og ein musikalsk hyllest til ein artist som hadde sterke band til Fjaler og Jakob Sande.
Gamle skulehuset som møteplass, krambu og bokhandel held ope kvar laurdag. Her er eit rikt utval frå varer frå eigen produksjon og aktuell litteratur, samt enkel kafè.