Eit møte mellom dikt av Jakob Sande og Den mangfaldige scenen. Med utgangspunkt i årets tema ved Sandesenteret, kjem Den mangfaldige scenen til Fjaler med eit tingingsverk der Sande sine dikt får nytt liv gjennom musikk, forteljing og eit mangfald av stemmer.
Med utgangspunkt i årets tema i Sandesenteret, kvinna, kjem den gode samarbeidspartnaren vår i Oslo, Den mangfaldige scenen, til Fjaler med eit tingingsverk med nye forteljingar og komposisjonar av Sande sine dikt omhandlande temaet.
Laget består av Nirvana Froagh, Sigrid Felde, Shwan Wahed, Harald Kolaas, Sarah Camille, Melina Ismini Karantonis, Maren Elise Markussen, Kjetil Stavenes, Jørn Erik Ahlsen Alkanger og Liv Hege Skagestad, som også har regi på produksjonen.
Fredag 14. august kl. 20 i Løa oppe.
150,- kr. for medlem
200,- kr. for ikkje-medlem
Billetten inkluderer også opninga og Sandeføredraget med Aina Basso.
Open bokhandel, krambu og kafè i det gamle skulehuset laurdagar 11-14.
Gjennom ord, bilete, song, færøydans og smakar får vi kome tett på kulturen og samfunnslivet på Færøyane. Karin Flatøy Svarstad deler historier frå øyane i vest, og saman med dottera og familien til musikaren Hanus G. Johansen blir det ein kveld med færøyske tradisjonar og ein musikalsk hyllest til ein artist som hadde sterke band til Fjaler og Jakob Sande.
Gamle skulehuset som møteplass, krambu og bokhandel held ope kvar laurdag. Her er eit rikt utval frå varer frå eigen produksjon og aktuell litteratur, samt enkel kafè.