Diktardagen: Lys i alle hus

Bli med på ei markering av Jakob Sande sin fødedag, med lystenning, opne hus og innslag frå fleire medverkande i Klokkargarden og på Steia. Gunnstein Akselberg kjem med helsinga «Til Jakoben på 119-årsdagen» i Gamle skulehuset,og besøkande får høve til besøke husa i kulturmiljø rundt Jakob Sande og Nikka Vonen.

1. desember, 18:00

Program

Kl. 18.00 – Lystenning av tuntreet i Klokkargarden
Lystenning av tuntreet. Allsong og dikt ved elevar frå valfaget Produksjon for scene ved Dingemoen skule i samspel med Thea Hjelmeland og Jan Haugen. 

Tidlegare på dagen har elevar frå valfaget Produksjon for scene delteke på eit skrivekurs leia av Thea Hjelmeland. Under lystenning får vi opplesing av nokre av dikta dei har skrive, i tillegg til dikt av og ved skribent, freds- og kvinnerettsaktivist Madina Darwazi.

Kl. 18.30 – Lys i alle hus
Husa i Klokkargarden, på Tusenårsstaden og på Steia gard blir opna.
– Besøk Bestefarstaua, der Jakob vart fødd.
– Bli med inn i våningshuset der Jakob vaks opp, og som i dag er residens og kontor.
– Kom til bokhandelen og krambua i Gamle skulehuset, der Jakob gjekk på skule, som er ope og der gløgg blir servert. 

Kl. 18.30 – Gamle skulehuset
Gunnstein Akselberg framfører helsinga «Til Jakoben på 119-årsdagen».

Frå kl. 18.30 og utover – Ope hus på Steia gard
Nikka Vonens venelag held ope hus. Siri Ingvaldsen, Hans Bjarne Haugen og Alexander Rauboti tek imot og fortel om det nyoppretta venelaget.

Gratis og ope for alle.

Kalender

Kva skjer hos oss?

15. juli 10:00 – 14:00

Teiknekurs med Charlotte Rintler

Utandørs teiknekurs med kunstnar og illustratør Charlotte Rintler ved historiske Nikka Vonens pikeskole på Steia Gard. Gjennom teikning med blyant og blekk utforskar kurset dei gamle trehusa, detaljane og stemningane på staden, med fokus på observasjon, komposisjon og kreative teknikkar. Kurset passar for både barn og vaksne.

16. juli 13:00

Omvising i Jakob Sande og Nikka Vonens fotspor

Bli betre kjend med diktar og forteljar Jakob Sande og skulestyrar og folkeminnesamlar Nikka Vonen.

17. juli 13:00

Film frå Fjaler. Filmframsyning i skulehuset

Bli med på ei reise tilbake i tid når sommarvertane inviterer til filmframsyning i skulehuset. "Film frå Fjaler" inneheld unike smalfilmar frå 1930- og 1950-talet, med glimt frå kvardagsliv, festdagar og samfunnsliv i bygda. Opptaka, gjort av distriktslækjarane Harald J. Blaauw og Asbjørn Østby, er i dag ein verdifull del av kulturarven i Fjaler.