Ceilidh på Samvirket

Markering av fødedagen til Robert Burns, Skottlands nasjonaldiktar, med ein ceilidh, ein tradisjonell skotsk festkveld med musikk, dans, allsong og sosialt samvær på Samvirket.

24. januar, 19:30

Velkomen til ein stemningsfull kveld på Samvirket, der vi markerer Burns Night, fødselsdagen til den skotske nasjonaldiktaren Robert Burns, i møte med folkemusikkpub og konsert med Dei to Karnaljane. Skotsk og vestnorsk tradisjon flettar seg saman, og resultatet vert ein varm og levande Ceilidh på Samvirket.
Kom innom for ein øl, høyr levande musikk, hiv deg med i dansen eller berre kom for å oppleve skotsk stemning på Samvirket. 

Program

19.30 – Baren opnar

20.00 – Konsert med Dei to Karnaljane
Lunden og Nymarken byr på viser, gitar og trekkspel, med tekstar mellom anna av Jakob Sande. Musikken er folkeleg, salt og ujålete, med tonar som luktar av irske pubar og vestnorske fjordbygder.

21.30 – Skotsk dans
Lær og bli med på tradisjonelle skotske dansar.

22.00 – Allsong, poesi og opa scene
Syng med på norske og skotske songar, lytt til lokale folkemusikarar, eller høyr opplesing av dikt av Robert Burns og Jakob Sande.

Pub og sosialt
Baren held open til kl. 24.00.

Praktisk informasjon

  • Billett kjøpast ved inngangen (kr 100, Vipps mogleg).
  • Ønskjer du å bidra på open scene, meld deg til
    Rhona Thingnes (913 51 944) eller Jan Haugen (918 61 634).

Arrangør:
Folkemusikklaget Havbrusen, Jakob Sande – senter for forteljekunst, Dei to karnaljane, Fjaler frivilligsentral og den skotske kontingenten i Fjaler.

Kalender

Kva skjer hos oss?

17. oktober 11:00 – 14:00

Laurdagsope i skulehuset

Open bokhandel, krambu og kafè i det gamle skulehuset laurdagar 11-14.

21. oktober 18:30

Færøykveld i Løa

Gjennom ord, bilete, song, færøydans og smakar får vi kome tett på kulturen og samfunnslivet på Færøyane. Karin Flatøy Svarstad deler historier frå øyane i vest, og saman med dottera og familien til musikaren Hanus G. Johansen blir det ein kveld med færøyske tradisjonar og ein musikalsk hyllest til ein artist som hadde sterke band til Fjaler og Jakob Sande.

24. oktober 11:00 – 14:00

Laurdagsope i skulehuset

Gamle skulehuset som møteplass, krambu og bokhandel held ope kvar laurdag. Her er eit rikt utval frå varer frå eigen produksjon og aktuell litteratur, samt enkel kafè.