Velkomen til Samvirket og arbeidsvisning av Navigatøren laurdag 9. mai kl. 19.
Prøvevisning av NAVIGATØREN
Scenekunstnar, skodespelar og dansar Alicja Ziolko (Oslo) og scenekunstar, regissør og dramaturg Héctor del Río (Mexico/Sverige) er i arbeidsresidens ved Jakob Sande-senter for forteljekunst og Preform, der dei utviklar prosjektet Navigatøren.
Nokre menneske forlet oss ikkje heilt.
Dei etterlet bevegelsar, måtar å lytte på, spor i kroppen. Fragment, brev, objekt, instruksjonar, som kanskje først gir meining seinare.
Navigatøren er eit arbeid i utvikling, ei undersøking av kva som vert igjen, og korleis noko kan halde fram å snakke, gjennom tid, gjennom materiale, gjennom andre.
Gjennom samarbeidet mellom Sandesenteret og PreForm får dei utvikle prosjektet både i Klokkargarden og i PreForm sine lokale i Samvirket.
Laurdag 9. mai kl. 19 inviterer Alicja og Hector til opa prøve på Samvirket i Dale.
Der deler dei utdrag og fragment av tekst, bevegelse, lyd og bilete, i ein prosess som framleis er i rørsle.
Gratis inngong. Enkel servering.
Bruk inngongen på baksida.
Arrangement av PreForm og Jakob Sande-senter for forteljekunst.
Open bokhandel, krambu og kafè i det gamle skulehuset laurdagar 11-14.
Gjennom ord, bilete, song, færøydans og smakar får vi kome tett på kulturen og samfunnslivet på Færøyane. Karin Flatøy Svarstad deler historier frå øyane i vest, og saman med dottera og familien til musikaren Hanus G. Johansen blir det ein kveld med færøyske tradisjonar og ein musikalsk hyllest til ein artist som hadde sterke band til Fjaler og Jakob Sande.
Gamle skulehuset som møteplass, krambu og bokhandel held ope kvar laurdag. Her er eit rikt utval frå varer frå eigen produksjon og aktuell litteratur, samt enkel kafè.