Allsongen er dessverre avlyst grunna sjukdom.
Berre syng! Dette er kvelden der songglade menneske møtast og syng saman, uansett nivå og erfaring.
Velkomen til ein kveld fylt med musikk, fellesskap og god stemning i Løa. Ta med songgleda og bli med!
I løpet av kvelden lagar vi magi saman, leia av dirigent og akkompagnert av dyktig gitarist. Det einaste du treng å ta med deg er songgleda og den stemma du har.
Velkomen til eit arrangement fylt med musikk, fellesskap og god stemning!
Dørene opnar kl. 19.30 og songstart er kl. 20. Billett kr 100,- betalast med Vipps ved inngang.
Open bar frå 19.30-23.30.
Velkomen til ei uformell og stemningsfull songstund!
Open bokhandel, krambu og kafè i det gamle skulehuset laurdagar 11-14.
Gjennom ord, bilete, song, færøydans og smakar får vi kome tett på kulturen og samfunnslivet på Færøyane. Karin Flatøy Svarstad deler historier frå øyane i vest, og saman med dottera og familien til musikaren Hanus G. Johansen blir det ein kveld med færøyske tradisjonar og ein musikalsk hyllest til ein artist som hadde sterke band til Fjaler og Jakob Sande.
Gamle skulehuset som møteplass, krambu og bokhandel held ope kvar laurdag. Her er eit rikt utval frå varer frå eigen produksjon og aktuell litteratur, samt enkel kafè.