Årets tema i Jakob Sande-senter for forteljekunst

På kvinnedagsmarkeringa 8. mars i Fjaler presenterte vi årets tema i Jakob Sande-senter for forteljekunst.

09.03.2026

Stemmer å løfte, stemmer å lytte til

Delar av helsinga frå Sandesenteret under 8. mars-markeringa i Samvirket:

 

Kvinna

Kvinna er som ein nattgamal snø,

lyser so kvit og rein.

Glimar som sol over snødekte bø,

og rimfrosne bjørkegrein.

 

Men Kvinna e og som ein nattgamal is,

haustlagd på åldjup fjord.

Mang ein go`mann, både vitug og vis,

glir gjennom, gjeng ned og nord.

 

I diktinga til Sande møter vi både kvinner som er som nysnøen og som is på botnlause fjordar. 

Vi møter Heidi som sturer so mager og grå

Bukselause trollkvinna Randi

Fante-Guro og ho hi Guro, Guro unge, odels-Guro, som ligg lengtande på inste klevelem full av uro

So har vi gamle Petrine, kalla Tusse-Petrine fordi ho var so ulik dei hine

Bargjenta Susianna som gjekk frå englereint barn til eit arbeid som øydela ho

Gamle Gro som slost med døden

Kleppe-Maret som vi veit elskar presten, men ikkje kunne få han

Marian det bleike barnet som med tagal sorg fortel om draumar

Sina frå Ramsebergkletten som kjøvde barnet sitt og møtte lova so veik

Aslaug Maria som foldar sine kvite små hender i liljekvit barnetru

Åse Fantemor som meinte ein dram jaggu hadde vore helsesam for skrotten

Og so var det dinna forbannade kreksa Sara som arbeid liksom pesten ho hata

Eg trudde satan var eit mannfolk eg, før

Og såg han so so alle dei hine

Men brått fekk eg anna å finne

For eg såg at satan er ei kvinne

Årets tema i Sandesenteret er kvinna. Temaet spring ut av ei rekke behov. Både den kjennsgjerninga at mennene rundt Sande har fått mest merksemd. Bestefaren og faren som vi titulera Lysets fader kjenner vi godt til, men kven var denne forteljeglade mora? Kva liv levde søstrene? Kvifor tok ikkje dei utdanning? Var samfunnet her så patriarkalsk som fleire vil ha det til?

Men temaet kvinna er meir enn kvinnene i Sande si dikting og i Sande sitt liv. Det er og kvinner som har hatt avgjerande roller, også her lokalt, men som i liten grad har fått plass i forteljinga. I denne samanhengen er Nikka Vonen og jentene ved skulen hennar sentrale, saman med spørsmål om danning og utdanning, tilgang til kunnskap og kvinneleg sjølvstende. 

For litt over 100 år sidan gjekk den første kvinna med fast plass på stortinget for Høgre og frisinna Venstre inn dørene der. Og innforbi dei dørene merkast det at ho var komt. Kvinna var Karen Platou, tidlegare elev ved Nikka Vonens pikeskole. Karen kjempa for kvinner sine rettar, ho innførte morsdagen som eigen merkedag i Noreg og ho innførte at dei titulerte kvarandre for ærede stortingsrepresentantar framfor ærede stortingsmenn. Nokon har gått føre og vi må følge opp. 

Nokre år seinare, I 1939, då Jakob Sande vart intervjua av Dagbladet i forbindelse med ei ny diktsamling og at det var ti år sidan han debuterte som lyrikar, spurde journalisten i Dagbladet Sande: - Kva har du lært desse første ti åra som lyrikar? Derpå Jakob svara: - Lært og lært.. Eg har dykka ut av det lokale og tatt meir av verda inn i diktinga mi. 

Gjennom årets tema ønskjer vi nettopp det, å opne opp utover det historiske og lokale, og knyte det til aktuelle og globale spørsmål i vår eiga tid. Kvinner i krig og konflikt, kvinner som må forlate menn i krig, kvinner utan ytringsfrihet, kvinner på flukt og kvinner som kjempar for rettar og handlingsrom, og kvardagskvinna. Vi meiner at forteljekunst, poesi, skaparkraft kan vere viktige inngangar til temaet og også kan få fram nye stemmer. Kva stemmer bør vi lytte til i framtida? 

Har du innspel til årets tema? Ta kontakt med underteikna.

Rakel C. W. Solheim

Dale i Sfj., 8.3.26. 

Karen Platou og medlemmer av Stortingets lønningskomité, 1919-21.

Arkiv

Aktuelt fra Jakob Sande-senteret

I residens

Elida Karo er i residens i Jakob Sande sin barndomsheim i Klokkargarden.

Forteljekunst i skule, arbeid og liv

I mars samla vi folk og miljø med forteljing som kjerne i si verksemd til Sandeseminaret. Høgt på agendaen stod eit eige programfag i skapande skriving og forteljekunst i vidaregåande skule.

God påske frå Jakob Sande-senter for forteljekunst

Med diktet “Salme” ønskjer vi ei god påske. Diktet vart fyrst publisert i diktsamlinga Storm frå vest i 1931. Salmen er ei bøn til Jesus, med referanse til skjærtorsdagsnatta i Getsemane og korsfestinga langfredag.