Årets tema i Sandesenteret er "kvinna". Som del av arbeidet med temaet set vi mellom anna søkelys på kvinnene i Sande si dikting. Kvar veke deler vi eit dikt som passar til temaet. Først ut er "Sovande kvinne".
Trygt og godt å kvile på bestefar Barsnes si bringe.
Sovande kvinne
Måneljos bleikeblått fløymer,
med skumring i stille nott.
Smilande ligg ho og drøymer
um prinsar og eventyrslott.
Lokkande ramnsvarte veller,
i flaum over hals og arm,
og liljekvit stig og feller,
den halvløynde, unge barm.
Svevnslørde augo kviler
bak nattsvarte augnehår,
og munnen i lengting smiler
mot landet dit draumen går.
Men fram or det halvljos veike,
der skuggane sviv i dans,
skin vangane underleg bleike,
i skimrande måneglans.
Det ljosnar bak dimslørd rute
eit bleiknande morgongry.
So dagast det stilt der ute,
med solglans og liv på ny.
Jakob Sande. Svarte næter, 1929.
For the next three weeks, Paula Elena Ramos from Spain will be in residence at Jakob Sande's childhood home, here at the Sande centre.
Søknadsfristen for residensopphald i barndomsheimen til Jakob Sande i 2027 er 1. november. Studentar blir særskilt oppmoda om å søke.
Jakob Sande-senter for forteljekunst har ledig stilling som museumsvert og pedagog frå 1. januar 2027. Søknadsfrist 8. november.