Årets tema i Sandesenteret er "kvinna". Som del av arbeidet med temaet set vi mellom anna søkelys på kvinnene i Sande si dikting. Kvar veke deler vi eit dikt som passar til temaet. Denne vekas dikt er Kleppe-Maret.
KLEPPE-MARET
Ho kleppe-Maret
frå Kleppeskaret
hev gard med hus på, og ku og sau,
og hest på stallen
og geit på tallen,
og litt på bankboki hev ho au.
Og Kleppe-Maret
frå Kleppeskaret
ho hev ein friar på kvar ein fing,
for åta lokkar
so store flokkar
på friarføter til Kleppe spring.
Der spring no Mass’en
frå Myraplassen,
som handlar hestar og berekyr,
og Rasmus bakar
og Per skomakar,
som skaftestøvlar og springskor syr.
Og når det lider
til nattetider,
då freistar alle si lukka der,
– dei smett og smyger
og lure lyger,
men alle saman kjem like nær.
For Kleppe-Maret
frå Kleppeskaret
ho elskar presten i Fresvik gjeld. –
Ho kann kje få han,
og tenkjer på han
med sorg og saknad kvar enda kveld.
Frå samlinga Svarte næter, 1929.
For the next three weeks, Paula Elena Ramos from Spain will be in residence at Jakob Sande's childhood home, here at the Sande centre.
Søknadsfristen for residensopphald i barndomsheimen til Jakob Sande i 2027 er 1. november. Studentar blir særskilt oppmoda om å søke.
Jakob Sande-senter for forteljekunst har ledig stilling som museumsvert og pedagog frå 1. januar 2027. Søknadsfrist 8. november.