Vekas dikt: GJENTA

Årets tema i Sandesenteret er "kvinna". Som del av arbeidet med temaet set vi mellom anna søkelys på kvinnene i Sande si dikting. Kvar veke deler vi eit dikt som passar til temaet. Denne vekas dikt er "Gjenta".

22.03.2026

GJENTA

Og gjenta ho kjøpte seg

spennor og stas,

og ringar meir perlor

av farga glas.

– Men ikkje vart gjenta gift. –

 

So greidde ho håret

med kost og med kamb,

til dess det vart krulla

som ull på eit lamb.

– Men gjenta vart ikkje gift. – 

 

So tok ho ein sviptur

til næraste by,

og sytte seg skjørt

utav kjøpety.

- Men ikkje vart gjenta gift. –

 

Og gjenta stal pungen

frå husbonden sin,

og kosta seg halsklut

av røysekattskinn.

– Men ikkje vart gjenta gift. –

 

Då vart ho so arg

at ho fræste som krut,

og flakte so av seg

kvar einaste klut,

– men då vart gjenta gift . . . . 

 

Jakob Sande, frå samlinga Svarte næter, 1929. 

Arkiv

Aktuelt fra Jakob Sande-senteret

Paula Elena Ramos – Artist in Residence

For the next three weeks, Paula Elena Ramos from Spain will be in residence at Jakob Sande's childhood home, here at the Sande centre.

Søk residensopphald for 2027 innan 1. november

Søknadsfristen for residensopphald i barndomsheimen til Jakob Sande i 2027 er 1. november. Studentar blir særskilt oppmoda om å søke.

Er du vår nye vert og pedagog?

Jakob Sande-senter for forteljekunst har ledig stilling som museumsvert og pedagog frå 1. januar 2027. Søknadsfrist 8. november.