Styret i Jakob Sande-selskapet har vedteke å gå inn for at Jakob Sande-senter for forteljekunst (Sandesenteret) vert del av Musea i Sogn og Fjordane (MiSF).
Foto: David Zadig
— Eit nasjonalt senter for forteljekunst, med god forankring i forfattaren Jakob Sande, vil vere ei glede og styrke å ha med på laget, seier direktør i MiSF Jan Heggheim.
Styret i Jakob Sande-selskapet har vedteke å gå inn for at Sandesenteret vert del av MiSF.
— Ei endeleg konsolidering føreset vedtak i styret i MiSF og ferdigstilling av avtalen mellom partane. Valet er gjort på bakgrunn av ei samla vurdering av rammevilkår, fagleg og organisatorisk samsvar, geografi og langsiktig utviklingspotensial for Sandesenteret og MiSF, og ikkje minst at senteret kan utvikle seg i samsvar med formåla som er sett for verksemda. Vi ser fram til forhandlingane med MiSF, seier styreleiar i Jakob Sande-selskapet, Trude Høgseth Felde.
MiSF er formidlarar av lokal og regional kulturhistorie av nasjonal tyding, og viser både breidde og styrke som vi mellom anna har sett i utviklinga av Astruptunet. Ei konsolidering med MiSF gir Sandesenteret nærleik til relevante fagmiljø.
— MiSF er ein organisasjon med eit breitt samfunnsoppdrag og stor fagleg variasjon. Ulike museumsprofilar, forteljingar og uttrykk er samla i ein felles struktur. Dette mangfaldet gir både høve til å halde på formåla våre og eit godt handlingsrom for vidareutviklinga av det som har blitt eit vitalt senter for munnleg og skriftleg forteljekunst i Fjaler, seier dagleg leiar Rakel Cecilie Wilhelmsen Solheim.
MiSF-direktør Jan Heggheim ser på konsolideringa som ei styrking av musea.
— Forteljekunsten er ein viktig del av den immaterielle kulturarven, der vi i MISF har mykje å hente. Eit nasjonalt senter for forteljekunst, med god forankring i forfattaren Jakob Sande, vil vere ei glede og styrke å ha med på laget. Så er det mykje som er ulikt mellom oss, men eg er trygg på at vi finn ein måte å samarbeide på som gjer JSS til ein naturleg del av MISF-familien, samtidig som dei opprettheld sin identitet og kan dyrke sin faglege styrke, seier administrerande direktør i MiSF Jan Heggheim.
Kultur- og likestillingsdepartementet har sidan opninga i 2020 lagt til grunn at Sandesenteret skal vere del av eit konsolidert museum. Frå 2021 har statleg støtte vore kanalisert som driftsstøtte via MiSF, og i 2024 fekk senteret ei tilleggsløyving for å styrke drifta og legge til rette for framtidig samanslåing.
Konsolideringa med MiSF byggjer såleis vidare på eit samarbeid som har vore under utvikling over fleire år, og som vil styrke den vidare utvikling av senteret som nasjonalt senter for munnleg og skriftleg forteljekunst.
— Alt i 2022 gjorde MiSF og Sandesenteret ein intensjonsavtale om å jobbe for samanslåing av organisasjonane. Avtalen inneheldt nokre forventningar om at Sandesenteret måtte vere godt økonomisk rusta med ei grunnfinansiering som nasjonalt senter, før arbeidet med ei konsolidering kan byrje. Vi er glade for at styret i Jakob Sande-selskapet no opplever å vere klare til å byrje det konkrete samarbeidet om ei samanslåing. Vi i MISF vil no også realitetsbehandle dette i både leiargruppa og styret. Så vil vi i fellesskap legge ein plan for korleis vi saman skal jobbe fram ei driftsavtale begge partar vil tene på, seier Heggheim.
Eit sentralt premiss for samanslåinga er at Sandesenteret skal kunne vidareutvikle sin eigenart, sitt faglege særpreg og si lokale forankring.
MiSF har erfaring med å forvalte ein struktur der dei einskilde musea har tydeleg identitet og fagleg handlingsrom, innanfor ei felles organisatorisk ramme. Dette gir Sandesenteret tryggleik for autonomi i innhald, profil og utviklingsarbeid. At MiSF allereie har ein etablert driftsavtale med Fjaler kommune, gir stabil og lokalt forankra grunnfinansiering.
Viktig for identitet, stoltheit og levande kultur
Fjaler-ordførar Leif Jarle Espedal trur samarbeidet blir ei god løysing for kulturinstitusjonen.
— Som del av MiSF får Sandesenteret tilgang til kompetanse, støttefunksjonar og meir stabile rammer for drift, samstundes som ein kan vidareutvikle forteljekunsten med utgangspunkt i arven etter Sande og lokalsamfunnet vårt. Senteret har vore ein viktig samlingsstad i lokalsamfunnet og har bidrege til identitet, stoltheit og levande kultur gjennom mange år. Alt senteret har skapt kan i lag med MiSF vidareførast, med nye moglegheiter for både senteret og lokalsamfunnet. Eg gler meg til å følgje Jakob Sande – senter for forteljekunst vidare, seier Fjaler-ordførar Leif Jarle Espedal.
Styret i Jakob Sande-selskapet er takksame for støtta frå kommune, fylke og stat. Varaordførar i Fjaler, Marte Haugsbakk er positiv til samanslåinga.
— Det er svært positivt at senteret ønskjer verte ein del av MiSF. Dette representerer eit solid og framtidsretta fundament for vidare utvikling av senteret, seier varaordførar i Fjaler Marte Haugsbakk (V).
Sandesenteret har ein etablert praksis og eit klart mål om å vere ein aktiv samarbeidspartnar i det nasjonale og regionale kultur- og museumsfeltet. Som ein del av arbeidet med å finne riktig organisasjonsform, har Jakob Sande-selskapet vore i dialog med både Nynorsk kultursentrum og Fossestiftinga, og ser eit stort potensial i eit fagleg samarbeid med begge, særleg innan formidling og forsking. Styret legg til grunn at konsolideringa skal sikre Sandesenteret sine føremål, fagleg utvikling, gode rammer for drift og ein tydeleg eigenart, samstundes som samarbeidet med desse aktørane blir vidareutvikla og styrkt.
Reidun Elise Foldøy er i residens i Sandesenteret. Reidun Elise jobbar til dagen som lærar i vidaregåande skule, men under opphaldet jobbar ho med manus til ein roman.
Tysdag 24.2 vert det årsmøte i Jakob Sande-selskapet i Løa i Klokkargarden.
Ena Johanna Rathgeb er i residens i barndomsheimen til Jakob Sande no i februar. Rathgeb er ein tverrfagleg kunstnar og designer basert i Bergen. Praksisen hennar kombinerer narrativ teikning, handverk som veving og bokkunst, samt kunstnarisk forskning.