Reidun Elise Foldøy er i residens i Sandesenteret. Reidun Elise jobbar til dagen som lærar i vidaregåande skule, men under opphaldet jobbar ho med manus til ein roman.
Reidun Elise skriv:
Eg heiter Reidun Elise Foldøy. Kjem frå Osterøy, og bur i Bergen. Jobbar som lærar i vidaregåande skule, og har også erfaring som lærar og kurshaldar i skapande skriving, mellom anna på Åsane folkehøgskule og gjennom den kulturelle skulesekken.
Tidlegare utgjevingar er ei novellesamling og ein roman. No i residens arbeider eg med eit romanmanus. Kanskje blir det også tid til å skrive ein fagtekst om det å skrive. Å utforske erfaringar, tankar, oppspinn og førestillingar gjennom tekst, og å gå i dialog med sitt eige uttrykk, er både moro, meiningsfullt og hardt arbeid. Eg trur mange kunne funne stor glede i å teste det ut. Skriving anbefalast på det varmaste.
Torsdag 26.02 held Reidun Elise kurs i skapande skriving i Løa.
For the next three weeks, Paula Elena Ramos from Spain will be in residence at Jakob Sande's childhood home, here at the Sande centre.
Søknadsfristen for residensopphald i barndomsheimen til Jakob Sande i 2027 er 1. november. Studentar blir særskilt oppmoda om å søke.
Jakob Sande-senter for forteljekunst har ledig stilling som museumsvert og pedagog frå 1. januar 2027. Søknadsfrist 8. november.