Vekas dikt

Denne vekas dikt er "TRALL – ", henta frå samlinga Det kveldar på Kobbeskjer.

19.06.2026

TRALL –

Her er vi fri fiendane

her kan vi fritt oss snu.

Bukta og begge endane

har både eg og du.

 

Her kan vi drøyme draumane

– hestane står på to!

Her kan vi tøyme taumane

– hestane fell til ro.

 

Her kan vi høyre prestane

minst i to-tri anneks,

danse på sokkelestane,

– danse i gras som veks.

 

Her kan vi hauke haukane

langt ut i kvelden still,

vente på svar frå gaukane

– tolke dei som vi vil.

 

Her kan vi telje ternene

– terna og ternemann,

her kan vi telje stjernene

– telje so langt vi kan.

 

Her kan vi tralle trallane

her er det svar å få,

svar i frå tussekallane

langt inni berget blå. 

 

Jakob Sande.

Arkiv

Aktuelt fra Jakob Sande-senteret

Paula Elena Ramos – Artist in Residence

For the next three weeks, Paula Elena Ramos from Spain will be in residence at Jakob Sande's childhood home, here at the Sande centre.

Søk residensopphald for 2027 innan 1. november

Søknadsfristen for residensopphald i barndomsheimen til Jakob Sande i 2027 er 1. november. Studentar blir særskilt oppmoda om å søke.

Er du vår nye vert og pedagog?

Jakob Sande-senter for forteljekunst har ledig stilling som museumsvert og pedagog frå 1. januar 2027. Søknadsfrist 8. november.