Sunnfjordingen Jakob Sande 120 år

I år er det 120 år sidan diktaren Jakob Sande vart fødd. Det vil vi markere under Fest i Fjaler 14.-16. august og på fødedagen til Jakob 1. desember.

16.04.2026

I 2026 er det 120 år sidan diktaren Jakob Sande vart fødd i Dale i Sunnfjord.

Jakob Sande var fødd i Bestefarstaua i Klokkargarden i Dale i Sunnfjord 1. desember 1906. Jakob Sande rekna seg sterkt som Sunnfjording alle sine dagar. I eit intervju i samband med 50-årsdagen var han klar på kvar røtene hans var: "Alle diktarar treng noko å stå på. Sjølv står eg murt på eit skjer borte i Sunnfjord. Det er solid stein i det, og eg står trygt og godt. Mennesket skal strekke seg så høgt det kan nå, men kontakten med jorda må det behalde." 

Jakob Sande på øya Aralden i Askvoll kommune.

Unnateke av ein periode på 30-talet der Sande forsøkte bu i Dale og tida til sjøs, budde han alle vaksenåra sine østafjells. Likevel, og naturleg nok, kjende han seg som Sunnfjording heile livet. I biografien om Sande skrive av Ove Eide, trekk Eide fram skildringar av Sunnfjordingen og på den måten gir han oss eit breiare bakteppe til også å forstå bakgrunnen og identiteten til Sande. Eide trekk mellom anna fram skildringane som Sorenskrivar Hans Arentz' (1731-93) gjorde av Sunnfjordingen i 1785: "Dette folk har tykt blod, med besværligt Omløb i Aarene og tungt Aandedræt, hvoraf nødvendigt følger Tungsindighed i højere eller mindre Grad, saa at det melancholske Temperament bliver her, fremfor nogen andensteds, det mest gængse". Vidare skriv han at den sunnfjorske ungdommen ikkje har nokon "høj Grad av Munterhed, og meget faa beholder den langt hen i deres Manddomsalder, førend den kjendelig aftager, og falder ud i et tungt Væsen". Ove Eide skriv i biografien om Sande at det er havlufta som gjer at mange vert så tungsindige i Sunnfjord. Noko Eide også får kasta ekstra ljos over ved å trekke fram ein tekst skrive av forfattar Kristian Elster d.e. der han legg vekt på at skilje mellom folk nettopp kan forklarast ut frå naturforholda. Der skriv Elster mellom anna: "I Søndfjord bor kanskje Landets tyngste, sejgeste og sendrægtigste Folk. Søndfjordingen er godt udrustet, han baade tænker skarpt og føler dypt; men han trænger tre Gange saa land Tid til alt som andre Mennesker." I Sande si dikting finn ein ikkje klare skildringar av Sunnfjordingen, i eit dikt i samlinga Sirius er Sunnfjordringen nemnd, men det er i intervju gjort med diktaren hans forhold til Sunnfjord og Sunnfjordingen tydlegast kjem fram. At mennesket skal strekke seg så høgt det kan, men likevel finne seg det trygge fjellet å stå på er eit godt råd frå Sande, uavhengig av staden fjellet måtte stå på. 

I år vil vi markere at det er 120 år sidan Sunnfjordingen Jakob Sande vart fødd under Fest i Fjaler 14.-16.august og på fødedagen til Sande 1. desember. I år markerer vi også at det er 60 år sidan Fjaler kommune fekk reist ein bauta til ære for diktaren. 

Teksten er fletta saman av tekstar skrive av Ove Eide i biografien om Jakob Sande. Ein biografi som vart trykt opp i nytt opplag i 2025 og som er til sals i Sandesenteret sin eigen bokhandel og krambu i det gamle skulehuset. Til årets tema i Jakob Sande-senteret, som er kvinna, vil Eide sjå nærare på kvinnene i Sande si dikting. Dette kan du høyre meir om under Fest i Fjaler. 

Samlaget trykte i 2025 opp eit nytt opplag av biografien om Sande.

Arkiv

Aktuelt fra Jakob Sande-senteret

Les elevane sin rapport frå Bygningsverndagen 2026

Alle sjuandeklassingar i Fjaler og Hyllestad var invitert til Steia gard til Bygningsverndag 21. april. Der deltok elevane i tradisjonshandverk som sløyd, smie, steinarbeid, lafting og gartnararbeid i det rike kulturhistoriske miljøet. Jakob Sande - senter for forteljekunst, Nikka Vonen venelag, Skogselskapet og Kvernsteinsparken stod bak arrangementet. Skrivegruppa fekk prøve seg som både diktarar og journalistar. Med forteljingane om jentene som gjekk på Nikka Vonens pigeskole ferskt i minne, dikta dei fram brev og dagboknotatar frå ein morgon på Steia gard. Dei skreiv også frå ting som var tause forteljarar og fann på historier. Deretter prøvde dei seg som journalistar, og måtte sjå, høyre og spørje for å finne fram til fakta. Her kan du lese journalistane sin rapport frå dagen:

Vekas dikt: KLEPPE-MARET

Årets tema i Sandesenteret er "kvinna". Som del av arbeidet med temaet set vi mellom anna søkelys på kvinnene i Sande si dikting. Kvar veke deler vi eit dikt som passar til temaet. Denne vekas dikt er Kleppe-Maret.

I residens

Elida Karo er i residens i Jakob Sande sin barndomsheim i Klokkargarden.