Satsar på dei unge i ny musikal

Alle kulturskuleelevane på dans, teater og musikk i Kulturskulen i Fjaler er i full sving med å øve inn musikalen "Ein draumefabel", som Jakob Sande - senter for forteljekunst har skrive manus til. Musikalen har premiere 13. juni på Samvirket scene.

23.05.2025

Ein draumefabel er skrive av Marie Longva Danielsen og Jon Werede Hope for Jakob Sande - senter for forteljekunst. 

Marie Longva Danielsen er skodespelar og dramatikar frå Sunnmøre,  og har saman med skodespelar, dansar og instruktør Jon Werede Hope frå Fjaler, arbeidd med manus til musikalen gjennom vinteren. Saman har dei skapt eit manus som inkluderer alle små og store roller og rom tilpassa elevane i kulturskulen. Dei skildrar scener frå eit ungdomsliv der hovudkarakterane tek val om vegen vidare. Alt føregår i ein Sunnfjordsk landskap. 

Medverkande: Kulturskuleelevar på dans, teater og musikk

Stad: Samvirket i Fjaler

Tid: 13.juni 

Framsyning 1 klokka 17.00 

Framsyning 2 klokka 19.00

Det er gratis inngong, men du må tinge billett via lenkja under. 

Plakat av Charlotte Rintler og elevar frå Kulturskulen i Fjaler på visuell kunst. 

Arrangør: Kulturskulen i HAF og Jakob Sande - senter for forteljekunst

Arkiv

Aktuelt fra Jakob Sande-senteret

Fjaler inspirerer andre til å løfte kultur som ei viktig næringsgrein

Kva er det som gjer at vesle Fjaler kommune får til ei samordna satsing på kultur som basis for samfunns- og næringsutvikling? Og korleis kunne ein få til det same i Nordhordland? Dette har avisa Nordhordland sett nærare på etter eit studiebesøk til kulturkommunen Fjaler.

Vekas dikt

Denne vekas dikt er "TRALL – ", henta frå samlinga Det kveldar på Kobbeskjer.

SPOR kjem til Augustikveld i Klokkargarden

Vokalensemble SPOR kjem til Fest i Fjaler og Augustikveld i Klokkargarden laurdag 15. august.