Forteljeduken er ein ny, vevd duk med motiv av illustratør Eva Meier, produsert ved det tradisjonsrike Ekelund veveri. Inspirert av liv, arbeid og forteljingar langs Dalsfjorden inviterer duken til samtale og glede rundt bordet.
Jakob Sande-senter for forteljekunst startar året med å presentere eit nytt produkt utvikla ved senteret: Forteljeduken. Duken vert lansert laurdag og er til sals i den vesle krambua vår i det gamle skulehuset.
Forteljeduken har blitt til i samarbeid mellom illustratør Eva Meier, Ekelund veveri og Jakob Sande-senter for forteljekunst. Motivet er teikna av Eva Meier og deretter er duken vevd ved det tradisjonsrike Ekelund veveri, kjend for solid handverk og varig kvalitet.
Dette er ein duk som inviterer til samtale. Uansett kva side av bordet du set deg ved, har duken ei historie å fortelje. Den kan vere utgangspunkt for eigne forteljingar, eller gi innblikk i den rike industri- og skaparsoga langs Dalsfjorden. I mønsteret finn ein mellom anna tønner, ski, dyr, natur, gardsdrift, knivar, skule, fiske og bakverk, og ikkje minst regndropar, noko som er godt kjent for folk i Fjaler.
Forteljeduken er laga for å bli brukt og for å skape glede rundt bordet, ein duk som bind saman kvardagsliv, handverk og forteljekunst.
Duken er til sals frå laurdag 17.01 i gamle skulehuset ope 11-14.
Gamle skulehuset ligg i Jakob Sandes veg 10, 6963 Dale i Sunnfjord.
Del av forteljeduken. Tønne med furutre.
For the next three weeks, Paula Elena Ramos from Spain will be in residence at Jakob Sande's childhood home, here at the Sande centre.
Søknadsfristen for residensopphald i barndomsheimen til Jakob Sande i 2027 er 1. november. Studentar blir særskilt oppmoda om å søke.
Jakob Sande-senter for forteljekunst har ledig stilling som museumsvert og pedagog frå 1. januar 2027. Søknadsfrist 8. november.