Nytt kunstverk frå Ivar Orvedal

"Fins ikke like i dette landet! Parapoetica er et overskuddsfenomen – i tankekraft, omfang, topografi og forbindelser. Den er blitt så utrolig fin og god å holde i, bla i, fordype seg i og glede seg over. Kvalitet på alle plan!" – Torild Wardenær

22.03.2026

Parapoetica av Ivar Orvedal

Parapoetica (Orb Compendium) er ein poetisk dialog med vitskapen om naturen og menneskesinnet, og med dei unike teikningane til Santiago Ramón y Cajal, multitalentet som oppdaga at hjerneceller er individuelle celler – det vi i dag kallar nevronar. Grunneiningar for all skapande evne. Ikkje ulikt poesi: parapoetica-partikkelen, ikkje-smertestoffet. Upåakta, som rein luft og fri sikt. Skapegrann så små at vi ikkje legg merke til dei før vi får vanskar med å puste og når synet sviktar.

Parapoetica nærmar seg villmarka, side om side med tidlaus og oppdatert kunnskap om vilkåra for livet på jorda – kva energiar og ressursar vi har, og korleis bruken av dei får ulike fylgjer. Rørsle, forbruk, tanke og handverk er avgjerande for kor lenge vi kan leve under dei tilhøva vi sjølv skaper. På same måte som med Ordakt, Berøringsstrofer, Postreptilia og Mantra Contra Mantra vil vi vise korleis inkluderande (tverrkunstnarleg) samarbeid mellom forfattar, typograf, designer, copy editor, og boktrykkar kan skape ei vital kunstnarbok som gjev unik dimensjon til teksten sitt innhald. Ein av definisjonane av «artist’s books» er "The entire book, including its design, construction, and content, is considered a single work of art."

Ivar Orvedal er ein norsk forfattar frå Måren i Høyanger. Orvedal debuterte som lyrikar i 1979 med Moldmennsje. 

Du får tak i Parapoetica i Jakob Sande-senter for forteljekunst sin bokhandel i Gamle skulehuset eller i Tekstallmenningen sin nettbutikk. 

sola bryt gjennom skylaga

søyler av lys reiser seg frå fjord til himmel

 

det varer ikkje lenge

 

men lenge nok til at eg skjønnar

kva som held bygningen vår oppe

 

Ivar Orvedal

Orb Compendium

Orb Compendium er Ivar Orvedal sitt eige forlag og plateselskap. Orvedal er sjølv produsent og samarbeidar tett med multiinstrumentalist og klangvevar Geir Sundstøl. Mastering ved Helge Sten. Det grafiske er utforma i samarbeid med typograf Stefan Ellmer og grafisk designer Rune Døli (Modest). Copy editor er Ingrid Haug. Handverkarar med blikk for det samtidige så vel som det varige, som på framifrå vis spelar på lag med forfattaren sin visjon om samsvar mellom form og innhald i bøkene og platene. Ivar Orvedal er tidlegare småbrukar, skipar av Mårenbiennalen og andre musiske arrangement, musikkmeldar m.m. Medlem i Småbrukarlaget og Forfatterforeningen sidan 1982. Kulturrådet har gjeve støtte til delar av arbeidet.

Litterært, visuelt og tonalt arbeider Ivar Orvedal for å skape ny sangbotn for mytologi, samtidslyrikk og naivistisk daglegtale, gjerne i dialog med dei som gjennom historia – ved hjelp av epokeskapande symbol, tone og artikulasjon – har minnt oss om basisvilkåra for liv og rørsle. Eit arbeid for å ivareta eit utfyllande (komplementært) kunstnarleg uttrykk som er uavhengig av lettseld underhaldning og avkopling. Målsetjinga er at kunst- og kulturskaping derimot skal tene som påkopling – og som inspirasjon for andre som ynskjer å forme og uttrykke det dei ber på, sjølv om det som kjem til syne ikkje alltid liknar den forma alle andre nyttar.

Mykje av innhalde på plateutgjevingane til Ivar Orvedal kan ein også høyre på dagens strømmetenster, men på Book of Post-Hymns finst det spor eksklusivt for den fysiske utgjevinga.

Torild Wardenær, som er røynd og anerkjend poet, har skrive om utgjevingane på Orb Compendium: «Det er sjelden at det ytre ved en bok er like sart og særegent som Postreptilia. Dette forsterkes naturligvis av den harmoniske foreningen mellom form og innhold. Det vitner om Orvedals allsidighet som kunstner – boken Mantra Contra Mantra befinner seg i samme liga. Og rikdommen i de instrumentale og vokale arrangementene i Book of Post-Hymns er slående, og kompletteres av Ivar Orvedals stemme, som formidler tekstene med bemerkelsesverdig dybde og dynamikk.

Det fremstår som dypt sant at Orvedals arbeid tilbyr bevegelse og retning mot de store mysteriene – ja, helt frem til deres innvielser – gjennom det tekstlig. Akkurat det mennesker trenger, og bør utsettes for. Nærmest uanstrengt, treffsikkert, uten at arbeidet kommer i veien, gjør han det nesten-umulige mulig.»

Arkiv

Aktuelt fra Jakob Sande-senteret

Ny utgjeving frå Sandesenteret

Den vesle boka "Samspel" samlar dikt av Kjersti Wøien Håland og papirkunst av Eva Meier. Boka er inspirert av fjorårets tema Samspel og er no til sals i Gamle skulehuset.

Vekas dikt: Sovande kvinne

Årets tema i Sandesenteret er "kvinna". Som del av arbeidet med temaet set vi mellom anna søkelys på kvinnene i Sande si dikting. Kvar veke deler vi eit dikt som passar til temaet. Først ut er "Sovande kvinne".

Årets tema i Jakob Sande-senter for forteljekunst

På kvinnedagsmarkeringa 8. mars i Fjaler presenterte vi årets tema i Jakob Sande-senter for forteljekunst.