Ny utgjeving frå Sandesenteret

Den vesle boka "Samspel" samlar dikt av Kjersti Wøien Håland og papirkunst av Eva Meier. Boka er inspirert av fjorårets tema Samspel og er no til sals i Gamle skulehuset.

20.03.2026

Kjersti Wøien Håland var festdiktar på Fest i Fjaler i fjor. Med utgangspunkt i opplevingane frå dagane i Fjaler og festivaltemaet Samspel, skreiv ho ei rekkje dikt.

Kjersti Wøien Håland er forfattar og manusforfattar, skribent og lyrikar. Ho har markert seg som ei røyst for dei unge vaksne og har auka merksemda rundt distriktsungdom og nynorskbrukarar. 

I etterkant av Fest i Fjaler fekk kunstnar og illustratør ved Sandesenteret, Eva Meier, lese dikta. Ho såg at ei kunstform som ville passe godt til orda, var papirkunst, og arbeidde med ein teknikk der ho klipte ut ei mengd papirdelar og sette dei saman til forteljande bilete. Resultatet er eit særprega visuelt uttrykk som spelar tett saman med tekstane.

No er orda til Kjersti og papirkunsten til Eva samla i boka Samspel. Ei lita, men rik utgjeving der tekst og bilete møtest i eit felles uttrykk.

Jakob Sande-senter for forteljekunst er utgjevar av boka, som er trykt hos E. Natvik Prenteverk AS i Florø. 

Boka er til sals i Gamle skulehuset. 

Arkiv

Aktuelt fra Jakob Sande-senteret

Vekas dikt: «Haust»

I 1936, som trettiåring, gav Jakob Sande ut si fjerde diktsamling, Villskog. I år er det 90 år sidan utgjevinga. «Haust» er eit av dikta i samlinga og er denne vekas dikt.

I residens

Denne veka er Wenche O. Gressnes og Mona Høydahl frå Harstad i residens i Dale. Her utforskar dei munnleg forteljing og ulike måtar å hente fram og formidle kvardags- og livsforteljingar på.

Skrivekurs for nye stemmer

På Forteljekunstakademiet inviterte Tekstallianse og Sandesenteret til kurs for skrivande med norsk som andrespråk.