Møt Jaja og Sandesenteret på Vesle Sildring

Når nettverket Sildring inviterer til ein kveld med kreativt påfyll i Florø denne veka, kjem redaktør og fagutviklar Tora Hope for å snakke om kvifor vi som bur i distrikta må fortelje våre eigne historier.

19.10.2026

Sildring inviterer til kveld med kreativt påfyll. Tora Hope og Rolf Magne Golten Andersen står på programmet. Skjermdump frå Sildring.no.

Sildring er eit nettverk for kreative folk med base i Kinn. Onsdag 21. oktober kl. 18-21 inviterer dei til Vesle Sildring - ein kveld for kreativt påfyll på Vesle Kinn i Florø.

På programmet denne kvelden står:

Tora Hope, redaktør for Tidsskriftet Jaja og fagutviklar ved Jakob Sande - senter for forteljekunst.

Rolf Magne Golten, manusforfattar for kjente produksjoner som FØRSTEGANGSTEJESTEN og HODEJEGERNE, og barnebokforfattar bak dei suksessrike seriane KOKOSBANANAS, BILLIS OG BOLLOS og NATTNINJA.

Sildring skriv:

Dei har begge skapt noko heilt unikt i Dale som også skapar moglegheiter for andre. Dette og mykje meir skal dei fortelje meir om.

Tora har også med seg Jaja si siste papirutgåve Kropp og forteljing som dei så forfriskande skildrar slik:

“Det er frå vår pustande, luktande, dunkande, døyande kropp vi skriv, fortel, lyttar og lever. Med kunstig intelligens kan ein rive tekstar laus frå kroppar, men uansett byrjar forteljinga om livet med kropp og slik sluttar ho òg, IRL.

Arrangementet er for deg som:

  • Jobbar eller ser etter samarbeidspartnarar innan kreativ næring
  • Vil gjere lidenskapen din om til noko du kan leve av
  • Skapar opplevingar, fellesskap og tilbod innan kunst- og kulturfeltet
  • Er nyfiken på kreativ næring og korleis den kan bidra til verdiskaping og arbeidsplassar
  • Vil bli inspirert og møte andre kreative

Arrangementet er gratis og opent for alle som ønsker å delta.

Les meir her.

Arkiv

Aktuelt fra Jakob Sande-senteret

Er du vår nye vert og pedagog?

Jakob Sande-senter for forteljekunst har ledig stilling som museumsvert og pedagog frå 1. januar 2027. Søknadsfrist 8. november.

I residens: Robin Everett

Robin Everett (f. 1989, UK) er biletkunstnar og bur i Haukedalen i Sunnfjord. Desse vekene er han i residens hos Jakob Sande - senter for forteljekunst.

Synne Gulliksen i residens

Denne veka bur Synne Gulliksen i diktarbustaden i Jakob Sande-tunet, der ho jobbar med ein roman.