I residens: Robin Everett

Robin Everett (f. 1989, UK) er biletkunstnar og bur i Haukedalen i Sunnfjord. Desse vekene er han i residens hos Jakob Sande - senter for forteljekunst.

15.10.2026

Robin arbeider med mange ulike uttrykk, mellom anna lyd, skulptur og tekst. I kunstpraksisen sin er han oppteken av prosessar, og han stiller ofte spørsmål ved korleis system, både organiske og teknologiske, påverkar måten vi forstår miljø og økologiar på. Desse systema verkar på tvers av det menneskelege og det meir-enn-menneskelege. Med arbeida sine prøver han å opne for ein breiare dialog mellom litteratur, biletkunst, datavitskap og den naturlege og den digitale verda.

Medan han er på opphald ved Jakob Sande - senter for forteljekunst, arbeider han vidare med eit samansett prosjekt som byggjer på nye lesingar av romanen The Waves av Virginia Woolf. Tidlegare har han mellom anna laga diktsamlinga fissure through, rather heavy wisps of, der han las romanen på nytt ved hjelp av ein algoritme og brukte tidevassdata til å bryte teksten opp. Han har òg laga The red and light, ein stadsresponsiv video der romanen vart vist live på skjerm i takt med bølgjene på ein bestemt stad.

I det nye prosjektet utviklar han eit algoritmisk program som kartlegg korleis ord og frasar går igjen gjennom dei ni kapitla i romanen, og som gjer desse gjentakingsmønstra om til bilete. Prosjektet tek utgangspunkt i den eksperimentelle forma og den rytmiske prosaen som The Waves er kjend for. Målet er å løfte fram den ikkje-lineære forteljemåten, dei mange perspektiva og vekta på rytme og gjentaking – trekk som får ny klang i ei tid der mykje av forteljinga skjer digitalt.

Arkiv

Aktuelt fra Jakob Sande-senteret

Stor pågang til residensordninga – 89 søkarar vil skape i Jakob Sande sin barndomsheim

Blant søkarane finn vi både etablerte forfattarar, ferske skribentar, kunstnarar og internasjonale aktørar. I år har vi særleg oppmoda studentar til å søke, og det er gledeleg å sjå at fleire har gripe denne moglegheita.

Fulle hus for Jakob Sande i hovudstaden

Jakob Sande-minifestivalen samla eit stort publikum i Oslo då 120-årsjubileet for diktaren vart markert. Med "Kvinna" som årets tema utforska festivalen nye perspektiv og løfta fram nye stemmer, inspirerte av Sande si dikting og den litterære arven etter han.

Paula Elena Ramos – Artist in Residence

For the next three weeks, Paula Elena Ramos from Spain will be in residence at Jakob Sande's childhood home, here at the Sande centre.