Mange små og store på Diktardagen

Både born, ungdom og vaksne kom for å feire Diktardagen og oppleve førjula hos Jakob Sande - senter for forteljekunst.

08.12.2025

I Klokkargarden er førjulstida ekstra spesiell. Den startar med Jakob Sande sin fødedag 1. desember, og er månaden då eit av dei mest kjende og kjære dikta, Det lyser i stille grender, vert sunge landet rundt. 

Det markerer vi med Diktardagen, og i år deltok kring 80 personar i alle aldrar på ein stemningsfull kveld i tunet.

Dagen starta med at elevar frå valfaget Produksjon for scene kom på skrivekurs med Thea Hjelmeland. Jakob Sande - senter for forteljekunst samarbeider tett med Kulturskulen i HAF om faget. 

I Løa skapte arenaansvarleg Margrete Reisæter julemagi, med langbord dekt til femti born og foreldre og julegraut til alle som kom. 

Kokosbananas-skapar Rolf Magne Golten Andersen las og synte bilete frå Nattninja - den siste togreisen, til eit svært engasjert publikum. Ikkje minst fekk vi førpremiere på Kokosbananas-julesangen, med glade og dansande ungar som inntok scena. 

Så samla vi oss ved det flotte tuntreet vårt for å tenne lysa i Klokkargarden. Tusen takk til Søren Hauge for raust utlån av lift og til Magne Hillersøy for solid innsats med å lyssetje bøketreet.

Der ynskte dagleg leiar Rakel C. W. Solheim velkomen og Madina Darwazi las diktet Utan forord

Ungdommane framførde tekstar dei hadde laga på skrivekurset, og Thea Hjelmeland leia oss i allsong og juletregong, til trekkspel ved Jan Haugen. 

Til slutt var det ope i alle hus, og publikum kunne lytte til Gunnstein Akselbergs “Helsing til Jakob Sande på 119-års dagen” i Gamle skulehuset, kike innom Bestefarsstaua, og helse på det nystifta venelaget for Nikka Vonen på Steia gard. 

Dikt av Madina Darwazi:

Utan forord

fører eg pennen 

over arket,

 

prøver å leggja orda

som perler på ei snor

i stille rekkjer…

 

Men   i  djupet av mitt sinn

rasar eit opprør –

 

eit villt angrep   av ord,

som ein flaum utan stans

mot  brystet

 

Som om orda

er meir urolege

enn hjartet mitt.

 

Takk til alle som deltok!

Arkiv

Aktuelt fra Jakob Sande-senteret

Vekas dikt: «Haust»

I 1936, som trettiåring, gav Jakob Sande ut si fjerde diktsamling, Villskog. I år er det 90 år sidan utgjevinga. «Haust» er eit av dikta i samlinga og er denne vekas dikt.

I residens

Denne veka er Wenche O. Gressnes og Mona Høydahl frå Harstad i residens i Dale. Her utforskar dei munnleg forteljing og ulike måtar å hente fram og formidle kvardags- og livsforteljingar på.

Skrivekurs for nye stemmer

På Forteljekunstakademiet inviterte Tekstallianse og Sandesenteret til kurs for skrivande med norsk som andrespråk.