Redaktør for Tidsskriftet Jaja og fagutviklar ved Jakob Sande - senter for forteljekunst Tora Hope er gjest i podkasten Klartekst.
I den nyaste episoden av Tekstallmenningens podkast snakkar Silje Heggren med Tora Hope, redaktør for Tidsskriftet Jaja.
Jaja er Jakob Sande - senter for forteljekunst sitt allmennkulturelle tidsskrift om skriftleg og munnleg forteljekunst. I episoden snakkar dei om kvifor forteljingane er viktige, korleis nye historier oppstår, og korleis Jaja løftar fram nye røyster i norsk forteljekunst.
Tora fortel om korleis Jaja arbeider med forteljingar som ligg i skjeringspunktet mellom kunst og litteratur, kvifor historier alltid kjem frå ein stad, og om korleis tidsskriftet arbeider med digitale og fysiske utgåver.
Vi får òg innblikk i Jakob Sande - senter for forteljekunst og forteljekunsten sin plass i Noreg i dag.
Er du nysgjerrig på forteljingar, forteljekunst eller berre liker samtalar om korleis vi menneske formidlar kven vi er: lytt til Klartekst via Apple Podcast, Spotify eller der du liker å høyre podkast.
For the next three weeks, Paula Elena Ramos from Spain will be in residence at Jakob Sande's childhood home, here at the Sande centre.
Søknadsfristen for residensopphald i barndomsheimen til Jakob Sande i 2027 er 1. november. Studentar blir særskilt oppmoda om å søke.
Jakob Sande-senter for forteljekunst har ledig stilling som museumsvert og pedagog frå 1. januar 2027. Søknadsfrist 8. november.