Les elevane sin rapport frå Bygningsverndagen 2026

Alle sjuandeklassingar i Fjaler og Hyllestad var invitert til Steia gard til Bygningsverndag 21. april. Der deltok elevane i tradisjonshandverk som sløyd, smie, steinarbeid, lafting og gartnararbeid i det rike kulturhistoriske miljøet. Jakob Sande - senter for forteljekunst, Nikka Vonen venelag, Skogselskapet og Kvernsteinsparken stod bak arrangementet. Skrivegruppa fekk prøve seg som både diktarar og journalistar. Med forteljingane om jentene som gjekk på Nikka Vonens pigeskole ferskt i minne, dikta dei fram brev og dagboknotatar frå ein morgon på Steia gard. Dei skreiv også frå ting som var tause forteljarar og fann på historier. Deretter prøvde dei seg som journalistar, og måtte sjå, høyre og spørje for å finne fram til fakta. Her kan du lese journalistane sin rapport frå dagen:

22.04.2026

Bygningsverndagen fann stad på Steia Gard, staden der skulestyrar og folkeminnesamlar Nikka Vonen dreiv sin pikeskole frå 1871-1907.

Det er veldig fint ver no! 

 

Det er mange aktivitetar, til dømes lafting, stein, smie, skriving og sløyd. Nokre lagar krokar i smia med smeden Ove. Nokre andre driv med steinarbeid med Filippo. Nokre andre driv med skrivearbeid.

 

- Laftig er gøy, seier Tia. 

- Smie er gøy, seier Thea. 

 

Det er mange folk her. 

 

Tora: - Det er gøy å vere her. 

Mathea: - Eg liker å vere ute. 

 

Eg ser mange barn som gjer masse nye ting som dei kanskje ikkje har gjort før. 

 

Meg: Kva synest du om å vere her?

Emma: Eg synest det er gøy og gøye aktivitetar og hyggelege folk. 

 

Meg: Kva synest du om at klassen er her og lærer ting?

John Kåre: Heilt nydeleg å få brukt hendene. 

 

Alle som er på stein fekk lage brikker. Nokon fekk vondt tre gongar, men veit ikkje heilt kvifor. 

 

Folk snakkar og ler. 

 

Korleis har dagen din vore?

Arina: Den har vært bra og gøy. 

 

Sola skiner, ingen ungar griner

Takk for i dag, 

Ha det bra.

 

Takk til alle journalistane og diktarane på skrivegruppa som bidrog til denne artikkelen!

Unge skribentar på trappa på Nikka Vonens pikeskole på Steia Gard

Detaljar frå sløydsalen på bygningsverndagen

Arkiv

Aktuelt fra Jakob Sande-senteret

Paula Elena Ramos – Artist in Residence

For the next three weeks, Paula Elena Ramos from Spain will be in residence at Jakob Sande's childhood home, here at the Sande centre.

Søk residensopphald for 2027 innan 1. november

Søknadsfristen for residensopphald i barndomsheimen til Jakob Sande i 2027 er 1. november. Studentar blir særskilt oppmoda om å søke.

Er du vår nye vert og pedagog?

Jakob Sande-senter for forteljekunst har ledig stilling som museumsvert og pedagog frå 1. januar 2027. Søknadsfrist 8. november.