På Fest i Fjaler lanserer vi ny papirutgåve av Tidsskriftet Jaja!
OPE FOR FØREHANDSTINGING! LANSERING 14.08.26!
Vel møtt til lansering 14. august kl. 19 på Fest i Fjaler!
Aina Basso les dikt og Rolf Losnegård framfører den rasande lyriske novella "Kvelte viser frå ein mann som går sin båregang".
Vi serverer noko å bite i og noko i glaset, og sel rykande ferske tidsskrift.
Gratis inngang!
Teikn abonnement her og få utgåva i postkassen.
Om utgåva:
«Fuck an app, I need me some IRL», syng Robyn. Det er frå vår pustande, luktande, dunkande, døyande kropp vi skriv, fortel, lyttar og lever. Med kunstig intelligens kan ein rive tekstar laus frå kroppar, men uansett byrjar forteljinga om livet med kropp og slik sluttar ho òg, IRL.
I denne papirutgåva av Jaja handlar det om kropp og forteljingar.
Vi har forløyst eit kull av forteljingar knytte til det kroppslege: å føde, ete, drikke, puste, sove, arbeide, elske og døy, om å vere kropp, skiljast frå kropp og kjempe med kropp, og om kroppar i litteratur og forteljekunst.
For er det ikkje eit teikn i tida å vere både besett av kropp og framand for det kroppslege?
Vel møtt til lansering 14. august kl. 19 på Fest i Fjaler!
Teikn abonnement her og få utgåva i postkassen.
Bidragsytarar:
Kjartan Hatløy, Johanne Magnus, Aina Basso, Hilde Østby, Kristine Brusdal, Ingrid Thunem, Rakeb Erana, Marius Moldvær, Dubie Toa-Kwapong, Robin Van de Walle, Siri Helle, Agnetha Thormodsdatter, Janne Karin Støylen, Anders M. Gullestad, Ramona Sarăc, Rolf Losnegård, Marita Algrøy, Fredrik Vågenes, Katrine Sele, Åshild Kanstad Johnsen (ill.), Eva Meier (ill.), Jannik Abel (foto), Fredrik Rysjedal (framside og ill.), Maria Astrup (design), Åsne Hagen og Siri Ingvaldsen (korrektur), Tora Hope (red.).
Om Jaja:
Jaja er kulturtidsskriftet frå bygda, om forteljekunst, forteljingar og språk. Utgivar er Jakob Sande - senter for forteljekunst.
Du kan òg lese våre digitale utgåver gratis på tidsskriftetjaja.no.
Kva er det som gjer at vesle Fjaler kommune får til ei samordna satsing på kultur som basis for samfunns- og næringsutvikling? Og korleis kunne ein få til det same i Nordhordland? Dette har avisa Nordhordland sett nærare på etter eit studiebesøk til kulturkommunen Fjaler.
Vokalensemble SPOR kjem til Fest i Fjaler og Augustikveld i Klokkargarden laurdag 15. august.