- Å få toårig støtte frå Kulturrådet er sjeldan for eit så ferskt tidsskrift. Det viser at Jaja held høg kvalitet og er eit viktig tilskot til tidsskriftmiljøet i Norge, seier forfattar og medlem i redaksjonsrådet Brynjulf Jung Tjønn.
I desember fekk vi den gledelege nyhenda at vi over tilskotsordninga for tidsskrift og kritikk er tildelt kring 600 000,- fordelt på to år, til Sandesenterets tidsskrift om og med forteljekunst.
I tillegg er Tidsskriftet Jaja kjøpt inn til 31 bibliotek.
«Tilskotsordninga for tidsskrifter er ei pressa ordning, kor det er mange produkt som kjemper om få midlar. Det er svært inspirerande at Jaja no har fått desse midlane, noko som gjer at kvaliteten berre vil bli betre og at Jaja vil nå ut til fleire lesarar. Eg er imponert over kva dei får til på Jakob Sande - senter for forteljekunst», seier Jung Tjønn.
Forfattaren er bidragsytar til fleire av utgåvene, og sit i redaksjonsrådet til Jaja.
«Med denne tildelinga viser Kulturrådet at forteljekunsten har ein naturleg plass i samtidskulturen. Støtta er ei viktig stadfesting av arbeidet vi gjer med å løfte forteljekunsten fram. Løyvinga gir oss auka handlingsrom til å utvikle Jaja vidare og halde høg kvalitet i både digitale og trykte utgåver. Vi er stolte av Jaja og gler oss til å utvikle tidsskriftet vidare», seier dagleg leiar i Sandesenteret Rakel C. W. Solheim.
Jaja har sidan oppstarten i 2023 gitt ut fire digitale og ei trykt utgåve.
«Dette er stort for eit lite tidsskrift, og betyr mellom anna at vi kan lage papirutgåve også i 2026. Vi gler oss til å dykke endå djupare i forteljingane og lage eit interessant og unikt tidsskrift om forteljekunst, forteljingar og språk», seier redaktør Tora Hope.
Komande utgåve er ei digital utgåve om den urmenneskelege munnlege forteljekunsten. For å vere sikker på å få med deg våre digitale utgåver kan du skrive deg på nyhendebrevet.
«Det er òg veldig stas at 36 bibliotek har ynskt seg abonnement på Jaja, og 31 har fått innvilga abonnement. Vi set stor pris på folkebibliotekarane som sørger for variert, interessant og utfordrande lesestoff til lesarar i bygd og by,» seier Hope.
Førre papirutgåve er no nesten utsolgt, og nokre få eksemplar er å finne hos Tekstallemnningen i Bergen, Jakob Sande-senteret i Fjaler og Nynorsk bokhandel i Oslo.
Jaja er i tillegg finansiert med midlar frå stat, fylke, kommune og Sparebankstiftinga Fjaler. Fritt Ord har òg støtta nokre av utgåvene.
Vi takkar for støtta!
1. mai er arbeidarane sin kampdag, der krav om rettferd og betre arbeidsvilkår blir løfta fram. I diktet "Til den norske landarbeider" oppmodar Jakob Sande arbeidaren til å reise seg, knyte nevane og slutte seg til kampen, og gå saman under ei felles fane.
Alle sjuandeklassingar i Fjaler og Hyllestad var invitert til Steia gard til Bygningsverndag 21. april. Der deltok elevane i tradisjonshandverk som sløyd, smie, steinarbeid, lafting og gartnararbeid i det rike kulturhistoriske miljøet. Jakob Sande - senter for forteljekunst, Nikka Vonen venelag, Skogselskapet og Kvernsteinsparken stod bak arrangementet. Skrivegruppa fekk prøve seg som både diktarar og journalistar. Med forteljingane om jentene som gjekk på Nikka Vonens pigeskole ferskt i minne, dikta dei fram brev og dagboknotatar frå ein morgon på Steia gard. Dei skreiv også frå ting som var tause forteljarar og fann på historier. Deretter prøvde dei seg som journalistar, og måtte sjå, høyre og spørje for å finne fram til fakta. Her kan du lese journalistane sin rapport frå dagen:
Årets tema i Sandesenteret er "kvinna". Som del av arbeidet med temaet set vi mellom anna søkelys på kvinnene i Sande si dikting. Kvar veke deler vi eit dikt som passar til temaet. Denne vekas dikt er Kleppe-Maret.