Jørgen Alisøy får Jakob Sandes ærespris 2026

Den framifrå og røynde formidlaren av Jakob Sande vart heidra på Fest i Fjaler laurdag 15. august. 

16.08.2026

Den framifrå formidlaren, komponisten og arrangøren Jørgen Alisøy vart heidra på Fest i Fjaler. Foto: David Zadig

Det var dei tre tidlegare vinnarane av æresprisen Gunnstein Akselberg, Margrete Reisæter og Jan Haugen, som delte ut æresprisen på Augustikveld i Klokkargarden.

Dei løfta fram Alisøy som ein røynd fremjar av Jakob Sande sine tekstar og liv, som har markert seg både som komponist, arrangør og formidlar. 

Som komponist byrja Alisøy å lage tonar til dikt i femtenårs-alderen, altså for over 60 år sidan. Sidan har han sett melodiar til eit stort utval av tekstar, som “Voggevise frå havkanten”, “Slipesteinen”, “Eit rus”, “Bølingen slepp ut”, “Eit gasta slag”, “Åse Fantemor” og “Til ei lita jente”. Diktet “Eit rus” er kome med i Norsk Visebok med hans tone.

Som arrangør har han i tillegg til å arrangere eigne tonar for visegruppa Jubelhornet, arrangert eit stort utval av andre sine tonar for visesong, revyar og musikkorps. Han har arrangert marsjen “I marsjtakt med Jakob Sande” til Dale Musikkorps, som vert spelt kvart år. Han har arrangert “Til den norske landarbeidar” og “Krossen og slegga” for korpset. Desse vert spelte kvar 1. mai.

Jørgen Alisøy har vore og er ein stor formidlar av Jakob Sande sine tekstar gjennom song, deklamering, gitarspeling og allsong. På 1970-talet samarbeidde han med Edvin Helgheim. Dei reiste rundt i Folkeakademiet og framførde dikt til med eigne tonar. Seinare tok visegruppa form, etter to Jakob Sande-revyar med Dale Ungdomslag, med over tredve framsyningar på Vestlandet og i Oslo. Namnet Jubelhornet kom til i starten på 1990-talet. Det vart mange konsertar lokalt, i Oslo, på oljeplattformar, og til og med i Nicaragua, der Jakob Sande vart framført både på originalspråket og på spansk!

Gjennom leiing av allsong på utallige tilskipingar, ikkje minst på Kobbeskjerkvelden med allsong på Flekkefjorden, er årets æresprismottakar ein verdig og høgt elska mottakar, sa Reisæter, Haugen og Akselberg.

Det synlege beviset på prisen er ein kniv frå Helle knivfabrikk.

Jakob Sande - senter for forteljekunst gratulerer!

Arkiv

Aktuelt fra Jakob Sande-senteret

Vekas dikt: «Haust»

I 1936, som trettiåring, gav Jakob Sande ut si fjerde diktsamling, Villskog. I år er det 90 år sidan utgjevinga. «Haust» er eit av dikta i samlinga og er denne vekas dikt.

I residens

Denne veka er Wenche O. Gressnes og Mona Høydahl frå Harstad i residens i Dale. Her utforskar dei munnleg forteljing og ulike måtar å hente fram og formidle kvardags- og livsforteljingar på.

Skrivekurs for nye stemmer

På Forteljekunstakademiet inviterte Tekstallianse og Sandesenteret til kurs for skrivande med norsk som andrespråk.