Fjaler kommune fekk reist ei byste av Jakob Sande som ei gåve til diktaren på 60-årsdagen i 1966. Det er no 60 år sidan og markerast på ymse vis.
Foto: Ottar Starheim / NRK
Bysta er laga av bilethoggaren Waldemar Dahl. Jakob Sande var sjølv med på avdukinga og det heile vart foreviga av NRK.
Det var Fest i Fjaler helga 19. og 20. november 1966 då Jakob Sande vart heidra av heimbygda. Dale musikklag opna med Norge, mitt Norge og Ut mot havet før Oddleif Fagerheim heldt avdukingstalen. Talen var ein hyllest til diktaren Jakob Sande, og han slutta med desse orda: "Kjære Jakob Sande, ta desse få og enkle ord frå ein representant frå dine eigne heimegrender som ei fattig takk for ditt livsens verk. Vi har sett deg her midt mellom oss - midt i flokken av den slekt som i all tid skal leve og stride, bu og byggje her." Fagerheim avduka så æresminnet og overleverte det frå nemnda til Fjaler kommune. I boka Ein storm frå vest skriv Herbjørn Sørebø om bysta og meiner det var Oddleif Fagerheim og dåverande ordførar Ola Sørebø og Alf Solheim som kom på tanken om å få den reist og utgjorde nemnda. Ordførar Sørebø tok imot og takka. - Merket vil stå her som eit uttrykk for alt vi har fått av Jakob Sande, og minne ungdomen om at Fjaler har fostra ein landskjend mann, sa Sørebø.
I år markerer vi at det er 60 år sidan avdukinga. 17. mai-toget i Dale legg løypa om staden bysta står og markerer jubileet ved at Dale musikkorps spelar "i marsjtakt", som er ein potpurri av tekstar av Jakob Sande, komponert av Jørgen Alisøy.
Jubileet vil også bli markert seinare i år, under Fest i Fjaler 14.-16.august og på 120-årsdagen for fødedagen til Jakob Sande 1.desember.
Bautasteinar er eitt av dei siste dikta til Jakob Sande og er henta frå samlinga Det kveldar på Kobbeskjer. Det signaliserer kan hende at eit æresminne i stein ikkje var så viktig for Jakob Sande, at det var orda hans som skulle stå att etter han. Likevel var det nok ei ære for han at Fjaler kommune heidra han med ei byste i heimbygda Dale.
Bautasteinar
Det kan no so ymse vera
med eitt og hitt.
Kvar har vel sitt å bera,
eg har mitt.
No vil vel dei fleste seie
at eg bar mest.
Sjølv vil eg heller teie,
det høver best.
Men kviskra i løynd går orda
frå mann til mann:
Han her grov sitt pund i jorda
-ferdig med han.
So Herren vår Gud bevare
alle som ein!
Her kan vi trygt bespare
ein bautastein.-
Nei, ta det med ro, småsveinar,
trø stilt på jord.
Eg har reist mine bautasteinar
i ord.
Jakob Sande
1. mai er arbeidarane sin kampdag, der krav om rettferd og betre arbeidsvilkår blir løfta fram. I diktet "Til den norske landarbeider" oppmodar Jakob Sande arbeidaren til å reise seg, knyte nevane og slutte seg til kampen, og gå saman under ei felles fane.
Alle sjuandeklassingar i Fjaler og Hyllestad var invitert til Steia gard til Bygningsverndag 21. april. Der deltok elevane i tradisjonshandverk som sløyd, smie, steinarbeid, lafting og gartnararbeid i det rike kulturhistoriske miljøet. Jakob Sande - senter for forteljekunst, Nikka Vonen venelag, Skogselskapet og Kvernsteinsparken stod bak arrangementet. Skrivegruppa fekk prøve seg som både diktarar og journalistar. Med forteljingane om jentene som gjekk på Nikka Vonens pigeskole ferskt i minne, dikta dei fram brev og dagboknotatar frå ein morgon på Steia gard. Dei skreiv også frå ting som var tause forteljarar og fann på historier. Deretter prøvde dei seg som journalistar, og måtte sjå, høyre og spørje for å finne fram til fakta. Her kan du lese journalistane sin rapport frå dagen:
Årets tema i Sandesenteret er "kvinna". Som del av arbeidet med temaet set vi mellom anna søkelys på kvinnene i Sande si dikting. Kvar veke deler vi eit dikt som passar til temaet. Denne vekas dikt er Kleppe-Maret.