Irene Kinunda Afriyie er årets festforteljar under Fest i Fjaler. Som forfattar, forteljar og samfunnsdebattant er ho kjend for sterke og personlege forteljingar om identitet, tilhøyrsle og fellesskap, formidla med både varme, humor og eit skarpt blikk. Under kveldsprogrammet 15. august møter du henne både som festforteljar og konferansier.
Foto: Eivind Senneset for Teft forlag
Irene Kinunda Afriyie er ein erfaren historieforteljar, forfattar og samfunnsdebattant. Gjennom skriving, foredrag og offentlege samtalar byggjer ho bru mellom kulturar og utfordrar etablerte førestellingar om identitet, tilhøyrsle og fellesskap.
Afriyie kom til Noreg som 16-årig foreldrelaus flyktning frå Den demokratiske republikken Kongo i 2006. Erfaringane frå oppveksten, flukta og møtet med det norske samfunnet har forma både stemma hennar og arbeidet hennar. Med varme, humor og kritisk blikk løfter ho fram historier om Afrika, innvandring, feminisme og kva det vil seie å høyre til i Noreg.
Ho er fast gjestekommentator i Bergens Tidende, har mastergrad i interkulturelle studiar og har vore aktiv i fleire kultur- og mangfaldsinitiativ, mellom anna gjennom Stiftelsen Fargespill. I 2023 fekk ho Sjur Holsens minnepris for formidlingsarbeidet sitt. Afriyie har vore tilknytt Jakob Sande-senteret ved ei rekke anledningar, både som kurshaldar, forteljar og konferansier.
Debutboka hennar, Jeg er fordi du er, utforskar identitet, fellesskap og den afrikanske filosofien ubuntu, tanken om at vi blir menneske dannast gjennom møtet med andre. Boka er no på pensum som danningslitteratur på HVL.
Irene Kinunda Afriyie er òg aktiv podkastvert og samfunnsformidlar. Saman med Eduardo «Doddo» Andersen har ho podkasten Inkludert, der dei utforskar identitet, inkludering og møte mellom kulturar i det fleirkulturelle Noreg. Gjennom opne og personlege samtalar med gjester frå ulike bakgrunnar løfter podkasten fram både forskjellar og fellesskap.
Vi er glade for at Irene er årets festforteljar under Fest i Fjaler! Du kan høyre Irene fortelje under kveldarrangementet Augustikveld i Klokkargarden laurdag 15.8.
Foto: Grim Fimland Moberg
Aftenlandet kjem til Fest i Fjaler laurdag 15. august med melodisk visepop, nynorske tekstar av Jakob Sande og kjende låtar som «Du», «Hymne» og «Morgon i mai».
Årets tema i Sandesenteret er "kvinna". Som del av arbeidet med temaet set vi mellom anna søkelys på kvinnene i Sande si dikting og deler eit nytt dikt kvar veke. Denne vekas dikt er "Stubb".
I 2026 er det 120 år sidan Jakob Sande var fødd. I høve jubileet skipar vi ein ny tradisjon, og inviterer ein framifrå formidlar til å halde det første Sandeføredraget.