Beinir Bergsson (1997) er poet, omsetjar og formann i den færøyske språknemnda. Han debuterte i 2017 og har gitt ut to diktsamlingar og fleire omsetjingar. I 2022 blei han nominert til Nordisk råds litteraturpris for diktsamlinga Solhagen (2021).
Denne veka arbeider Beinir med eit dansk teatermanus som skal setjast opp ved Mungo Park-teatret i Allerød i Danmark i 2027. I tillegg jobbar han med ein færøysk barnebokserie som eksperimenterer med ei dystopisk framtid i tunnelar på Færøyene.
Dania O. Tausen (1998) er ein færøysk poet og musikar busett i Oslo. Ho debuterte i 2020 med prosadiktsamlinga Skál, som også blei filmatisert under same namn, som ein dokumentar av Cecilie Debell og Maria Tórgarð i 2021. Dania har gitt ut to soloalbum i 2021 og 2023. Sistnemnte var årets album ved Færøyske Musikkpriser 2024.
Beinir og Dania har begge fått Ebba-prisen som gis til unge talent innan litteratur. Dei har også begge ein bachelorgrad i skriving frå det færøyske universitetet og jobba frå 2023-2025 som programleiarar for radioprogrammet Samværi på den færøyske riksradioen KVF, der dei snakka med kunstnarar om kunst. Blant anna hadde dei Jon Fosse på besøk i høve den færøyske omsetjinga av Sønnen.
Denne veka jobbar Dania med si første ungdomsbok, om eit kollektiv i Torshavn. Karakterane sine skjebnar er inspirert av færøyske sagaer, men i dette kollektivet, som finn stad i 2026, er dei kledde i ei moderne historie. I tillegg jobbar Dania med å sortere i ei rekke dikt ho har skrive dei siste åra.
Robin Everett (f. 1989, UK) er biletkunstnar og bur i Haukedalen i Sunnfjord. Desse vekene er han i residens hos Jakob Sande - senter for forteljekunst.
Denne veka bur Synne Gulliksen i diktarbustaden i Jakob Sande-tunet, der ho jobbar med ein roman.
Vi lyser no ut residensopphald i barndomsheimen til Jakob Sande for 2027. Søknadsfrist: 1. november.