Lisa Nordhaug er i residens i barndomsheimen til Jakob Sande. Her skriv ho på eit romanprosjekt.
Lisa Nordhaug er i residens i barndomsheimen til Jakob Sande.
Lisa Nordhaug (f. 1992) jobbar som psykolog i Oslo. Ho har studert ved Skrivekunstakademiet i Bergen og publisert dikt, noveller og dramatikkutdrag i ulike tidsskrift og fanziner. I residens skriv ho på eit romanprosjekt om ein einsam, utbrent og besett fastlege.
Samstundes freistar ho å nytte residensomgjevnadane til å snuse seg fram til ei avslappa haldning til kreativitet og skriving, også inspirert av mellom anna sosiologen Hartmut Rosa sine teoriar om resonans og det ukontrollerbare. Kanskje blir det eit essay. Kanskje blir det skriving på eit anna romanprosjekt og kanskje dramatikk eller eit lite dikt. Kven veit. Uansett blir det vakker natur og varm kaffi.
For the next three weeks, Paula Elena Ramos from Spain will be in residence at Jakob Sande's childhood home, here at the Sande centre.
Søknadsfristen for residensopphald i barndomsheimen til Jakob Sande i 2027 er 1. november. Studentar blir særskilt oppmoda om å søke.
Jakob Sande-senter for forteljekunst har ledig stilling som museumsvert og pedagog frå 1. januar 2027. Søknadsfrist 8. november.