Unn Catodotter Fyllingsnes er i residens i Sandesenteret

Unn Catodotter Fyllingsnes har gått på forfattarstudium i Tromsø, har med seg skodespelarutdanning og kurs i klovning, og er no i residens i Sandesenteret. Onsdag kan du ete lunsj saman med henne og lytte til nokre av tekstane ho skapar under opphaldet.

02.03.2026

Unn Catodotter Fyllingsnes har gått på forfattarstudium i Tromsø, har med seg skodespelarutdanning og kurs i klovning, og har budd på bygda på Nordmøre i tolv år, etter elleve år i Oslo. Er opphavleg frå Eikangervåg i Nordhordland.

Unn skriv: "Eg skriv mest dikt, men no arbeider eg med det eg framleis vil kalla ei novellesamling, der lesaren møter ni svært ulike hovudpersonar i kvar si novelle. Alle hovudpersonane tvilar til tider på om dei eigentleg passar til å bu på bygda. Som ein person som ikkje likar å gå i fjellet, men heller trivst ved ein bardisk eller i ein teatersal, har eg òg lurt på dette. Eg er dessutan politisk aktiv i eit parti som gjerne gløymer at byane også er og har lokalsamfunn, og denne stadige trongen til å setja by og bygd opp mot einannan fascinerer meg."

Arbeidstittel for boka er "Kommunal apport". Fyrst vert ein kjend med middels unge Frøydis som sit i kommunestyret og tenkjer ho må ta eit skikkeleg ansvar for kommuneøkonomien, med eit tiltak som absolutt ikkje er innanfor. Kommunedirektøren har også si eiga novelle, med både mareritt og tur til Oslo, vi møter mellom andre ei amorøs lærarinne og ein frustrert kunstnar, og til sist er det taktekkefest på ein av gardane utan den heilt store feststemninga, men kanskje det går godt for nokre likevel.

Onsdag er du invitert til opplesing og samtale! 
Til lunsj serverer Unn focaccia med ost og diverse, og les eit utval dikt og utdrag frå novellesamlinga ho arbeider med under skriveopphaldet. Etter opplesinga vert det samtale og nærlesing. 

Arkiv

Aktuelt fra Jakob Sande-senteret

Paula Elena Ramos – Artist in Residence

For the next three weeks, Paula Elena Ramos from Spain will be in residence at Jakob Sande's childhood home, here at the Sande centre.

Søk residensopphald for 2027 innan 1. november

Søknadsfristen for residensopphald i barndomsheimen til Jakob Sande i 2027 er 1. november. Studentar blir særskilt oppmoda om å søke.

Er du vår nye vert og pedagog?

Jakob Sande-senter for forteljekunst har ledig stilling som museumsvert og pedagog frå 1. januar 2027. Søknadsfrist 8. november.