I residens

Ena Johanna Rathgeb er i residens i barndomsheimen til Jakob Sande no i februar. Rathgeb er ein tverrfagleg kunstnar og designer basert i Bergen. Praksisen hennar kombinerer narrativ teikning, handverk som veving og bokkunst, samt kunstnarisk forskning.

05.02.2026

Rathgeb sitt kunstnariske arbeid beveger seg i skjeringspunktet mellom hukommelse, observasjon og fantasi. Det tar ofte utgangspunkt i biografiske fragment, historier, objekt og rom som har forma ho. Rathgeb er særleg interessert i korleis personleg og familiær historie lagrast i bilete, og korleis element frå fortida kan rekomponerast i notida. I teikninga finn ho eit språk for å synleggjere desse prosessane. Gjennom arbeid med fargeblyant, blekk og grafitt brukar ho teikning som eit rom for observasjon, refleksjon og ettertanke.

Under opphaldet vil ho arbeide fram forteljingar frå andre og eiga historie på ein tverrfaglege måte. Onsdag 11.2 inviterer ho inn til ope hus i Gamle skulehuset. 

Arkiv

Aktuelt fra Jakob Sande-senteret

Paula Elena Ramos – Artist in Residence

For the next three weeks, Paula Elena Ramos from Spain will be in residence at Jakob Sande's childhood home, here at the Sande centre.

Søk residensopphald for 2027 innan 1. november

Søknadsfristen for residensopphald i barndomsheimen til Jakob Sande i 2027 er 1. november. Studentar blir særskilt oppmoda om å søke.

Er du vår nye vert og pedagog?

Jakob Sande-senter for forteljekunst har ledig stilling som museumsvert og pedagog frå 1. januar 2027. Søknadsfrist 8. november.