Jógvan Helge Gardar er årets første i residensen. Under opphaldet skriv han på ein eigen roman i tillegg til å omsetje færøysk poesi til nynorsk.
Jógvan Helge Gardar er frå Oslo, er utdanna jurist og språkvitar, og har gått årskurset på Skrivekunstakademiet i Bergen. Gardar jobbar som redaktør i Norsk Tidend, medlemsavisa til Noregs Mållag.
Medan Gardar er i residens jobbar han med eit eige romanmanus og lagar ei nynorsk omsetjing av BÓK, den nyaste diktsamlinga til den færøyske poeten Lív Maria Róadóttir Jæger. I tillegg jobbar han med eit essay om den nynorske omsetjingshistoria. Det skal stå i neste utgåve av tidsskriftet Mellom, som skal ha omsetjingsaktivisme som tema og kjem i juni.
For the next three weeks, Paula Elena Ramos from Spain will be in residence at Jakob Sande's childhood home, here at the Sande centre.
Søknadsfristen for residensopphald i barndomsheimen til Jakob Sande i 2027 er 1. november. Studentar blir særskilt oppmoda om å søke.
Jakob Sande-senter for forteljekunst har ledig stilling som museumsvert og pedagog frå 1. januar 2027. Søknadsfrist 8. november.