I residens

Den siste kunstnaren i residens ved Jakob Sande-senteret for 2025 var Marita Aarekol. Under opphaldet har ho arbeidd med det som skal bli ei bokutgjeving på Samlaget i 2026.

17.12.2025

Marita Aarekol si interesse for hus har røter i arbeidet hennar som pressefotograf i Bergens Tidende. Gjennom utallege reiser på Vestlandet møtte ho små bygder og fråflytta heimar, og såg korleis både natur og tid sette spor i husa.

Møtet med forfallet vekte ei djup interesse for å dokumentere desse bygningane, ikkje berre som arkitektur, men som vitne om levd liv og kulturarv. Det handlar ikkje berre om å ta vare på minne om hus der folk har budd, men òg om å spegle samfunnet sine mangfaldige historier og stemmer.

Prosjektet stiller spørsmål ved kva slags arv som vert rekna som verneverdig, kva vi tek vare på, og kva som får forsvinne i stilla. Kven sine forteljingar vert høyrde, og kven sine liv får plass i det kollektive minnet? I området rundt Dale i Sunnfjord er det mange slike hus som vart dokumenterte under opphaldet i Jakob Sande-senter for forteljekunst.

Boka De forlatte hjemmene rettar blikket mot dei stille, gløymde husa som fortel om eit anna Noreg. Boka vert gjeven ut på Det Norske Samlaget hausten 2026.

Arkiv

Aktuelt fra Jakob Sande-senteret

Paula Elena Ramos – Artist in Residence

For the next three weeks, Paula Elena Ramos from Spain will be in residence at Jakob Sande's childhood home, here at the Sande centre.

Søk residensopphald for 2027 innan 1. november

Søknadsfristen for residensopphald i barndomsheimen til Jakob Sande i 2027 er 1. november. Studentar blir særskilt oppmoda om å søke.

Er du vår nye vert og pedagog?

Jakob Sande-senter for forteljekunst har ledig stilling som museumsvert og pedagog frå 1. januar 2027. Søknadsfrist 8. november.