i residens

Marie Longva Danielsen er i residens i Jakob Sande-senter for forteljekunst i juni. Under opphaldet arbeider ho på ein ny scenetekst og ei samling poetiske tekstar.

05.06.2026

Marie Longva Danielsen (f. 1996) er skodespelar, dramatikar og regissør frå Sjøholt. Ho har ein BA i Acting and Contemporary Theatre frå East 15 Acting School i London. Hennar første dramatiske verk Eg slepp ho aldri var ein av vinnartekstane under Norsk Dramatikkfestival 2023, og verket hadde sin urpremie under hennar regi på Nordic Black Theatre i november i fjor. I fjor skreiv ho musikalen "ein draumefabel" saman med Jon Werede Hope, eit tingingsverk frå Jakob Sande-senter for forteljekunst og Kulturskulen i HAF. 

I residens skriv ho på ein ny scenetekst der ho undersøker frykt, farlege tankar og einsemd, og på ei samling poetiske tekstar. Ho vil også undersøke under opphaldet korleis ho kan nytte dans, bevegelse og pusteøvingar som eit verktøy i skriveprosessen. 

Under opphaldet inviterer ho til ei lesing. Meir informasjon om dette kjem i eige arrangement.

Arkiv

Aktuelt fra Jakob Sande-senteret

Paula Elena Ramos – Artist in Residence

For the next three weeks, Paula Elena Ramos from Spain will be in residence at Jakob Sande's childhood home, here at the Sande centre.

Søk residensopphald for 2027 innan 1. november

Søknadsfristen for residensopphald i barndomsheimen til Jakob Sande i 2027 er 1. november. Studentar blir særskilt oppmoda om å søke.

Er du vår nye vert og pedagog?

Jakob Sande-senter for forteljekunst har ledig stilling som museumsvert og pedagog frå 1. januar 2027. Søknadsfrist 8. november.