Fredag under Fest i Fjaler

Fest i Fjaler opna med kake, føredrag, lansering, diktkonsert og folkemusikkpub. Alt foreviga av fotograf David Zadig.

24.08.2026

Fredag under årets Fest i Fjaler kunne besøkande oppleve det første Sandeføredraget ved Aina Basso, ord om årets tema "kvinna" ved Gunnstein Akselberg, opningsord ved dagleg leiar i Sandesenteret, Rakel C.W. Solheim, lansering av Jaja på papir, urframføring av tingingsverk ved De Manfaldige Scenen og Folkemusikkpub med Folkemusikklaget Havbrusen. 

Blomar til fire kvikke kvinner. Margrete Reisæter, Liv Hege Skagestad, Trude H. Felde, Tora Hope. Opningsord og utdeling ved Rakel C. W. Solheim.

Kake til dei frammøtte og ei markering av at det i år er 120 år sidan Jakob Sande vart fødd her i tunet.

Gunnstein Akselberg heldt innlegg om "kvinna" i Sande si dikting.

Historikar og forfattar Aina Basso heldt det aller første Sandeføredraget.

Redaktør for Jaja, Tora Hope, fortalte om den nyaste papirutgåva av tidsskriftet.

Årets papirutgåve handlar om kropp og forteljing. Framsideillustrasjon av Fredrik Rysjedal.

Rolf Losnegård, forfattar og bidragsytar til papirutgåva, framførte sitt bidrag.

Rolf Losnegård les.

Ramona Sarac las sitt bidrag til papirutgåva.

Varm applaus til Ramona etter hennar rørande bidrag til Tidsskriftet Jaja. Aina Basso (til høgre) las diktet "Budeia" av Jakob Sande under lanseringa.

Fleire sikra seg tidsskriftet. Det er til sals i Gamle skulehuset (ope kvar laurdag 11-14) og på Tekstallmenningen (på nett og fysisk i Bergen).

Diktkonserten "kvinna". Eit tingingsverk frå Den Mangfaldige Scenen.

Så vart det tradisjonen tru Folkemusikkpub i Løa med Folkemusikklaget Havbrusen med vener.

Oddvar, Jørgen og Jan. Tre faste stemningsskaparar til Folkemusikkpubane.

Det vart trangt om plassen i Løa. Carro og Karlina fann seg ein plass på eit bord.

Oddvar Vassliås framførte gamle skattar.

Arkiv

Aktuelt fra Jakob Sande-senteret

Skrivekurs for nye stemmer

På Forteljekunstakademiet inviterte Tekstallianse og Sandesenteret til kurs for skrivande med norsk som andrespråk.

Er du mellom 15-20 år? Bli med på Redaksjonsmøtet!

Redaksjonsmøtet Fjaler er for deg som vil bli med i ein ungdomsredaksjon, der du til dømes kan skrive, ta bilete, lage reels eller teikne.

Den Mangfaldige Scenen til Fjaler med tingingsverk

Den Mangfaldige Scenen i Oslo kom til Fest i Fjaler med eit tingingsverk knytt til årets tema i Sandesenteret. Fredag under Fest i Fjaler hadde dei urframsyning av diktkonserten "kvinna" i ei fullsett løe i Sande-tunet.