– No er du historisk, sa kulturminister Lubna Jaffery i ei helsing. På Fest i Fjaler vart samfunnsdebattant, forfattar og forteljar Irene Kinunda Afriyie tildelt den aller første Forteljekunstprisen.
Den aller første forteljekunstprisen går til Irene Kinunda Afriyie. Foto: David Zadig
Irene var festforteljar på Augustikveld på Fest i Fjaler, der ho vart overraska med den nyoppretta prisen frå Jakob Sande – senter for forteljekunst.
Prisen vart delt ut av Jacob Nødseth, leiar hovudutval for kultur, idrett og inkludering i Vestland fylkeskommune.
Jakob Sande-senter for forteljekunst deler i år ut den aller første forteljekunstprisen.
Årets prisvinnar er ein forfattar, føredragshaldar og samfunnsdebattant som med utgangspunkt i eigne erfaringar set ord på større spørsmål om identitet, kultur, makt, tilhøyrsle og fellesskap. Det er forteljingar som blir fortalde med varme, musikalitet og humor, klokskap og med presisjon. Gjennom forteljingane og hennar posisjon i kulturlivet utfordrar ho etablerte sanningar og gir plass til nye perspektiv.
Prisvinnaren er dessutan ein dyktig lærar i forteljekunst som gjennom fleire år har holdt kurs i både munnleg og skriftleg forteljekunst også her ved senteret. Boka hennar “Eg er fordi du er” er også nyleg tatt ut som del av pensum i danning ved HVL. Gjennom forteljing byggjer prisvinnaren bru mellom menneske i ulike aldrar og frå ulike kulturar. Forteljingane opnar for nye perspektiv og nye møte, og minner oss om at kven som får fortelje, kva historier som blir lytta til, og korleis dei blir fortalde, har betydning for samfunnet vi skapar saman.
Dette ligg tett på oppdraget til Sandesenteret: å få fram nye forteljingar og stemmer, og å gi menneske på tvers av bakgrunn og generasjonar rom til å finne sitt eige språk og uttrykk.
Difor er vi stolte over å gi den aller første forteljekunstprisen til Irene Kinunda Afriyie.
Jakob Sande - senter for forteljekunst gratulerer!
Robin Everett (f. 1989, UK) er biletkunstnar og bur i Haukedalen i Sunnfjord. Desse vekene er han i residens hos Jakob Sande - senter for forteljekunst.
Denne veka bur Synne Gulliksen i diktarbustaden i Jakob Sande-tunet, der ho jobbar med ein roman.
Vi lyser no ut residensopphald i barndomsheimen til Jakob Sande for 2027. Søknadsfrist: 1. november.